Bompengepartiet får delta i NRKs valsendingar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten éin av fem vurderer å stemme på Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB), ifølgje ei meiningsmåling gjort på oppdrag for Nettavisen.

Det mykje omtalte bompengepartiet vil i haust delta i fleire av NRKs valsendingar for første gong, skriv Kommunal Rapport.

NRK: – Bompengar har vorte ei viktig valkampsak

NRK gjer i år eit unntak for partiet fordi dei ligg an til å komme inn i fleire kommunestyre, opplyser programdirektør Kyrre Nakkim.

– Bompengepartiet ligg an til å bli representert i fleire store kommunar, og bompengar har vorte ei viktig valkampsak. Derfor vil Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) få ei rolle i NRKs valsendingar, sjølv om dei stiller liste i relativt få kommunar og ikkje reelt er eit nasjonalt parti, seier Nakkim.

Programdirektøren opplyser at ein representant frå FNB vil delta både i ein partileiarutspørjing, i éin av dei store Tv-debattane med bompengar som tema, og dessutan i ein partileiardebatt.

– Men dei vil ikkje få delta fullt ut på linje med stortingspartia, seier Nakkim.

FNB: – Positivt viss NRK inkluderer oss

FNBs partileiar Frode Myrhol sit i bystyret i Stavanger og har takka ja til å delta i partileiarutspørjinga. Til Kommunal Rapport seier han at han ikkje har høyrt om dei to andre debattane, men at det vil vere naturleg at han som partileiar òg stiller der.

– Det er positivt viss NRK inkluderer oss i sendingane sine. Det viser at dei tar veljarane på alvor. Men eg tar atterhald om at eg ikkje har fått dette stadfesta, seier Myrhol.

Bør Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) vere med i NRKs valsendingar?

Bør Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) vere med i NRKs valsendingar?

Sjølvsagt, dei er jo partiet alle snakkar om!12
Ja, men ikkje på lik linje med partia på Stortinget.10
Nei, dei er eit tullete eittsaksparti.18
Bryr meg ikkje.2
Svar totalt: 42