Månadens musikktips: Albumet som fekk Urørt-vinnaren til å verte musikar?

Jon Olav Sandal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nykomaren

Askjell – Requiem 

Sjølv om du kanskje ikkje har høyrt namnet hans før har du ganske sikkert høyrt noko han har vore med på.

Askjell har lenge vore ein del av miljøet i Bergen som har bringa fram mange av dei største artistane vi har i Norge i dag. Men hittil har han stort sett haldt seg i bakgrunnen. Blant anna kan du høyre han med artistar som Sigrid, Aurora, dePresno og Sushi x Kobe. Men i den siste tida har han begynt å gi ut sin eigen musikk under namnet Askjell.

Eg har høyrt gjetord om musikken til Askjell ei stund og etter å ha høyrt debutplata hans skjønar eg godt kvifor.

Det er eit svært velkomponert verk. Sjølv om det fint kan stå på eigne bein utan å måtte henge det på nokon referanseknagg, så driv tankane lett mot namn som Nils Frahm og Jon Hopkins. Musikken har ein meditativ kvalitet og den passer perfekt i ei tid der dei fleste av oss burde ha eit behov for å sone ut litt innimellom alt støy frå omverda.

Gæmlisen

Side Brok – Høge Brelle 

Ikkje berre kan Ørsta kommune skryte av at dei har to av dei mestselgande dansebanda i Noreg, men jaggu kan dei stolt seie at ei av dei kulaste hiphop-gruppene er der ifrå også.

I omlag 15 år har dei velsigna verda med bygdepoesien frå Hovdebygda, og på den tida har dei i visse kretsar oppnådd veldig høg status. Dessverre er det nok ikkje så vanleg å ha høyrt om gruppa, men dei har likevel blitt ei slags kultgruppe for dei som likar dei. Blant menneska som har høyrt om gruppa før har eg til gode å møte nokon som mislikar dei.

I omlag 15 år har dei velsigna verda med bygdepoesien frå Hovdebygda

Høge Brelle, som tyder høge bukser, er det første albumet eg kan hugse at eg kjøpte for mine eigne pengar. Eg må sei at eg er litt stolt av akkurat det. Eit betre og meir passande album for meg hadde eg måtte ha leita lenge etter.

Kanskje det er på grunn av dette albumet eg sjølv begynte med musikk? Sikkert ikkje, men det hadde blitt ei fin historie å fortelje. Så vi kan jo seie det slik for syns skuld.

Det er også eit utmerka album reint musikalsk. Beats‘a er knallsterke, har masse kontrastar og det er svært godt produsert. Det har alt frå innslag av verdsmusikk til kalde trommemaskiner. Flow’en til Runar Gudnason er også blant dei betre som du vil finne i Ørsta.

Kanskje til og med i Norge.

Spådomen

Freddy Kalas – Jovial

Denne låten er spesielt ein hit blant den yngre generasjonen, og det er vel lite som er betre for å få musikken sin til å leve lenge enn å få dei unge til å høyre på det. Det blir litt som Dragostea Din Tei av O-Zone for min generasjon. Ikkje at ein skal samanlikne dei to låtane, men prinsippet blir det same. Eg trur mange av dei som er unge no i dag vil trekke fram Jovial på festar i framtida og trekke godt på smilebandet.

Det kjem kanskje som eit sjokk på mange, men sjangeren festmusikk er ikkje blant dei eg er mest glad i, og eg har ved fleire høve uttalt at eg ikkje likar det i det heile. Eg har også vore ganske skeptisk til dei som laga den musikken, men her må eg seie eg har møtt meg sjølv litt i døra.

Eg har vore så heldig å møte på Freddy sjølv eit par gongar, eller Fredrik som han heiter, og han er ein av dei hyggelegare eg møter på rundt om på festivalar og diverse musikk-tilstellingar. Ikkje at det bør ha noko å seie for kor vidt eg likar musikken eller ikkje, men det har nok gjort mitt syn, på både musikken hans og andre i same sjanger, har mjukna litt.

I tillegg har han ei ganske rå stemme. Det hjelper alltid på.

Så meir Freddy til folket!

Treng du meir inspirasjon til sommarens speleliste? Sjekk ut tipsarkivet frå Jon Olav!