Nike trakk sko på grunn av kopling til slavetida og kvite nasjonalistar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planen var å lansera ein ny modell av den populære Air Max 1 skoen i høve den amerikanske nasjonaldagen 4. juli.

Denne veka kunne The Wall Street Journal fortelje at Independence Day-sneakersane vart kalla tilbake frå forhandlarar som skulle byrje å selje dei om få dagar.

Colin Kaepernick fotografert i 2012, før han starta å knele under nasjonalsongen og ikkje lenger fekk spele i NFL. Foto: Mike Morbeck

Colin Kaepernick reagerte på Betsy Ross

Forhandlarane fekk ikkje noko forklaring, men ifølgje avisa skal skoa ha blitt tilbakekalla fordi den amerikanske fotballspelaren Colin Kaepernick kontakta Nike for å fortelja at han syntest skoen var støtande.

Sneakersane er kvite med blå og raude detaljar. På hælane har skoa brodert inn ein tidleg versjon av det amerikanske flagget som vert kalla Betsy Ross-flagget.

Flagget vart designa under den amerikanske revolusjonen og har ein sirkel med tretten stjerner, som symboliserer dei tretten originale koloniane.

Det amerikanske flagget har utvikla seg sidan den gong, men Betsy Ross-flagget har vorte eit symbol for kvite nasjonalistar.

Kaepernick reagerte på bruken av flagget, sidan det er kopla til slavetida.

Nike hissa på seg Trump

Dette er ikkje første gong Kaepernick har stått opp for saka. Den amerikanske quarterbacken har ikkje fått spela kampar i NFL sidan 2016 då han byrja å knele under nasjonalsangen for å demonstrera mot sosial urettferd og diskriminering av svarte amerikanarar.

Då han i fjor vart eitt av Nike sine andlet utad vekte det harme heilt opp på presidentnivå:

Gode salstal trass i kontrovers

Å velja Kaepernick var særleg risikofylt for Nike sidan selskapet er ein av dei viktigaste NFL-sponsorane.

Men trass i negative reaksjonar frå Trump og andre, som mellom anna viste si misnøye med å setja fyr på Nike-produkt og fjerna logoen, påverka ikkje kontroversen salstala negativt.

Ifølgje The Guardian auka kjeden salet med 31 prosent på få dagar. I fjerde kvartal i fjor auka Nike salet med 4 prosent og så langt i år har aksjeprisane stige med meir enn 15 prosent, ifølgje Wall Street Journal.

Nokre av dei aktuelle Independence Day-skoa hadde allereie funne vegen ut på marknaden før dei vart trekte av Nike.

Ifølgje Wall Street Journal steig andrehandssalsprisen på skoa frå 500 dollar til heile 2000 dollar etter at saka vart publisert. Andre stader var prisen nede i 140 dollar.

Trump Junior kritiserer på Twitter

No har Donald Trump Jr. vore ute ute på Twitter for å kritisera Nike si avgjerd om å trekkja 4. juli-skoa.

Han brukar ein sko med kommunistsymbola hammer og sigd, som han kommenterer at synest å vere meir i tråd med Nike sitt syn.