Tolv grunnar du ikkje treng for å digga Keanu Reeves

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 02.09.2020 14:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det siste har internett spekulert i grunnane til at skodespelar Keanu Reeves ikkje tar på kvinner når han poserer med dei – er han veldig politisk korrekt, redd for kroppskontakt eller rett og slett berre respektfull?

Du treng sikkert ikkje fleire grunnar til å elska den sympatiske stjerna kjent for sine roller i action-filmane John Wick, Matrix og Speed, men her er ein del du kanskje ikkje visste:

1. Han er fødd i Beirut

Wikipedia-sida hans kan ein lesa at kanadiske Keanu Charles Reeves vart fødd i Beirut 2. september 1964. Mor hans, Patricia Taylor, skal ha møtt faren medan ho jobba på ein nattklubb i Libanons hovudstad på 60-talet. Ulike sladresider på nett fortel at faren, geologen Samuel Nowlin Reeves jr, gjekk frå familien då Keanu var berre tre år gamal.

2. Keanu er kanadisk, men har britisk, kinesisk, irsk, hawaiisk og portugisisk avstamming… (puh)

Mora Patricia Taylor er britisk. Faren Samuel Nowlin Reeves jr står for resten av røtene. Namnet Keanu er hawaiisk og betyr kjølig bris.

Keanu sine asiatiske aner var viktig for Ali Wong då ho valde han til å spele seg sjølv (og hennar «love interest» i Netflix-komedien Always be my maybe:

Alice Cooper fotografert under ein konsert i 2009. Foto: Keith Koegler, Flickr (CC BY 2.0)

3. Alice Cooper sat barnevakt for Keanu

Då Keanu Reeves var liten jobba mora som kostymedesignar i Toronto. I kretsen hennar var rockelegenda Alice Cooper, som tydelegvis fekk oppdraget med å sitje barnevakt. Keanu Reeves har fortalt at han ikkje hugsar mykje av det, men har eit vagt minne om ein juksebæsj i kjøleskåpet. (Flaks at det ikkje var Poison.)

 

 

4. Han har ei fortid som rockestjerne

På seint 90- og tidleg 2000-tal spelte Keanu Reeves bass i bandet Dogstar. Bandet gav ut platene Our Little Visionary (1996) og Happy Ending (2000).

Bandet varma opp òg for Jon Bon Jovi i 1995 og spelte på Glastonburyfestivalen i 1999.

6. Keanu er poetisk – og morosam!

I 2010 dukka det opp eit paparazzibilete av Keanu Reeves som et ein sandwich på ein parkbenk. Biletet vart starten på ei meme-bølgje kalla «Sad Keanu» og dette imaget har han omfamna.

Dette biletet av Keanu Reeves på ein parkbenk vart til eit utal memes for nokre år sidan. Foto: Knowyourmeme.com

I 2011 kom den illustrerte diktboka Ode to happiness, som kan bestillast på Amazon.com for den nette sum av 760 amerikanske dollar.

Bokaprosjektet starta ifølgje BBC med at Keanu laga dikt for å gjere narr av forleggjarvenninna Janey Bergam, som lytta til triste songar heime hjå han. Bergam gav dikta vidare til illustratør Alexandra Grant – og resten er historie.

7. Keanu har grunn til å vera trist

Jennifer Syme (1972-2001). Foto: Wikimedia Commons

Det passar eigentleg ikkje i ei lys og lett listesak som denne, men Keanu Reeves har opplevd fleire tragediar i livet.

Reeves og kjærasten Jennifer Syme, som mellom anna hadde jobba for David Lynch og hatt ei lita rolle i filmen Lost Highway, venta born i 1999 (same året som første Matrix-filmen kom ut).

Men den 24. desember kom dottera ein månad for tidleg. Ava Archer Syme-Reeves var dødfødd.

Paret gjekk frå kvarandre etter tragedien og litt over eitt år etter dette døydde Jennifer Syme (28) i ei bilulukke etter å ha vore på ein fest hjå Marilyn Manson.

No ser lukka ut til å ha snudd for vår helt, som har funne lukka med kunstnaren Alexandra Grant <3

Keanu Reeves fotografert saman med kunstnarkjærasten Alexandra Grant i 2019. Foto: Mark Von Holden/AP Images

9. Han har vore reporter og reklamegut

Før det tok av på 90-talet spelte Keanu Reeves i ein reklame for Coca-Cola og var reporter for ungdomsshowet Going Great. Sjekk det ut her:

10. Keanu takka nei til Platoon, og drøymer om Wolverine

Keanu Reeves takka nei til å spela i Oliver Stone sin filmklassikar Platoon (1986). Han har òg fleire gonger sagt at han kunne tenkt seg å spela rolla som Marvel-helten Wolverine.

Han kan likevel trøysta seg med rolla som den noko skuffande kanadiske actionfiguren Duke Caboom i Toy Story 4.

Her kan du kosa deg med mykje kuriosa, valpar – og sjølvsagt Keanu:

11. Keanu har sitt eige motorsykkelmerke

Skodespelaren lever opp til sitt actionhelt-image og har alltid elska motorsyklar. Etter å ha filma Matrix, som han tjente heilt ville summar på, gav han heile stunt-teamet kvar sin Harley-Davidson.

I 2011 starta han motorsykkelmerket ARCH Motorcycle saman med Gard Hollinger. Merket leverer spesialbygde motorsyklar med delar frå Sør-Afrika.

12. A man has many faces (but apparently doesn’t age)

Nettsida keanuisimmortal.com er dedikert til teorien om at Keanu Reeves ikkje eldast.

Sjå berre her: 

Foto: keanuisimmortal.com