Tidsfri sone på Sommarøy var berre eit PR-stunt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Historia om vesle Sommarøy i Troms som skulle bli ei «tidslaus sone i nord» har gått verda rundt. Men ideen om å knuse klokker og gløyme tida vart ikkje til på eit folkemøte organisert av ein lokal primus motor, fortel NRK.

Éin halv million pr-kroner

Det var Innovasjon Noreg som stod bak og som brukte éin halv million kroner på å få fart på forteljinga om dei «tidlause» øybuarane.

Pengane vart mellom anna brukte på Pr-byrå i Oslo og London.

Fleire sommarøyværingar visste ikkje om initiativet før dei så las om det i media.

Kjell Ove Hveding, som vart framstilt som initiativtakar, drog til og med til Stortinget med eit opprop frå øya, men etter å ha vist det fram og presentert saka, tok han oppropet med seg då han drog.

Folk skulle henge frå seg klokkene sine på brua til Sommarøy. Foto: Gøran Mikkelsen/Innovasjon Norge

Innovasjon Norge nøgd med merksemda

Innovasjon Noreg sende fredag ut ei pressemelding der heile sanninga kjem fram.

Reiselivsdirektør Bente Bratland Holm. Pressefoto: Astrid Waller/Innovasjon Norge

– Vi tenkte at vi må sleppe saka no, slik at vi på ein måte ikkje lurer media, for å seie det sånn. Ut over at vi har fått den merksemda vi har ønskt. Eller meir enn det vi har ønskt, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm til NRK.

Ho seier dei ville prøve ein ny måte å skape blest om Nord-Noreg som reisemål på.

– Alt i alt var dette eit veldig vellykka stunt. Nokre kreative sjeler hos Innovasjon Noreg kom opp med ideen i vinter, og vi lufta han for nokre destinasjonar i Nord-Noreg.