Agnes Ravatn-boka «Verda er ein skandale» har blitt morosamt, eksperimentelt, uventa, leikent og rett og slett fantastisk teater frå Haugesund Teater og regissør og dramatikar Toril Solvang.
mm

URPREMIERE: «Verda er ein skandale» byrja som ein følgjetong av essay i Dag og Tid etter at Agnes Ravatn flytta frå Oslo til Valevåg i permisjonstida si. Der blei ho nabo med diktaren Einar Økland. Ravatn blanda på humoristisk og klokt vis anekdoter frå kvardagslivet på bygda og visdomsord frå gamle filosofar saman med samtalar med forfattarvennen sin. Lett omarbeidde blei essaya samla i boka «Verda er ein skandale» som kom ut i 2017.

Eg må vedgå at eg var spent og ein smule skeptisk då eg gjekk inn i ein nær fullsett storsal på Stord Kulturhus under premieren fredag. Korleis i alle dagar skal ein ta ei slik essaysamling til scenen?

Bølgjer av latter

Scenografien er enkel, med «VERDA ER EIN SKANDALE» skrive med store bokstavar på scenen. I tillegg er det mykje grønt: ein vegg med ei blomeeng, og ein skrånande bakke. Når dei tre skodespelarane Siren Jørgensen, Sandra Kolstad og Ane Skumsvoll kjem på scenen er kostyma fargesprakande, på grensa til psykedeliske, bunader. Innleiingsvis presenterer skodespelarane seg, og fortel kvar «bunadene» kjem frå. Publikum ler og er heilt med frå starten. Til tider bølgjer publikum i latter.

Haugesund Teater har gjort eit kupp med å få med seg den heddaprisvinnande dramatikaren og regissøren Toril Solvang. Ho leikar seg med teksten og teaterforma, og finn plass til både brechsk verfremdungseffekt, eit hysterisk rapnummer og eit lite gjørmebad.

Men ikkje la deg lura til å tru dette er eksperimentelt teater utan noko meir enn formleik. Både regissøren og skodespelarane har noko på hjartet.

Kreativt overskot

Skodespelarane gjer ein strålande jobb der dei går inn og ut av rollene sine gjennom førestillinga. Dei byr på seg sjølve, og plutseleg held dei kvar sine dagsaktuelle politiske vitnesbyrd. Patosen og det direkte skurrar mot skråblikket i tekstane til Ravatn. Det er uventa, men fungerer ikkje heilt for min del. Eg merkar likevel at fleire blir djupt gripne.

Elektropopkometen Sandra Kolstad bidrar elles til å løfta førestillinga med eigenkomponert musikk og song, og overtyder også som skodespelar. Å sjå Ane Skumsvoll spela Einar Økland på austnorsk er kosteleg.

«Verda er ein skandale» er rett og slett eit fantastisk stykke teater med kreativt overskot. Førestillinga skal på turné i Sunnhordland og på Haugalandet. Det fortener å bli vist fleire stader.

Oppdatert: sundag 27. januar 2019 20.34

Kommentarar

ANNONSE