Derfor bør du sjå filmen om Roger Stone

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Roger Stone møtte Donald Trump allereie i 1979, og byrja å jobba for han kort tid etterpå. Før alle andre sa han at Trump burde sikta mot Det Kvite Huset, noko han òg jobba for tiår før nokon andre.

Fredag kom meldinga om at Stone er pågripen av FBI i Florida for rolla si i hackinga av epostservarane til Demokratane, og for å hindra etterforskinga.

I fjor kom Netflix med dokumentaren Get Me Roger Stone. Filmen fortel ei utruleg historie om ein mann som av mange blir rekna som ein av dei første som innførte systematisk negative valkampanjar.

Stone introduserte òg ein ny måte å finansiera valkampanjar på, som gjorde at det kunne brukast mykje meir pengar på politiske kampanjar.

Roger Stone omkransa av Ronald Reagan og George Bush sr.

Richard Nixon-tatoveringa

66-åringen frå Connecticut byrja som politisk valkampmedarbeidar for Richard Nixon som 19-åring. I filmen viser han tatoveringa si av den tidlegare presidenten som måtte gå etter Watergate-skandalen.

I 1977 blei Roger Stone leiar for ungdomspartiet til republikanarane med hjelp frå Paul Manafort.

Etter å ha hjelpt Ronald Reagan i presidentvalet, starta dei to venene eit lobby-selskap i 1980. Nokre år seinare skulle det bli det største i Washington.

Tortur-lobbyen er arrestert

Lobbyselskapet til Stone og Manafort fekk etter kvart tilnamnet Tortur-lobbyen. På kundelista fann ein diktatorar som Mobutu Sese Seko i Kongo og Ferdinand Marcos på Fillippinene – i tillegg til tobakkinstituttet, Rupert Murdoch, avismagnaten bak Fox News – og Donald Trump.

Manafort blei kampanjesjef for Donald Trump i presidentvalet og Stone var valkamprådgjevar heilt til han måtte gå i august før 2016-valet.

Manafort blei arrestert i sommar, og no er også den tidlegare kompanjongen hans arrestert.

Utruleg ego

Gjennom filmen viser Stone eit tilnærma stort ego som Donald Trump. Til liks med Trump, så kan ein ikkje ta alt han seier for god fisk.

Men filmen viser òg at sjølv kor utruleg det kan høyrast ut, så har Stone hatt ein finger med i eit utal politiske skandalar, som ein slags politisk skandale-utgåve av Forrest Gump.

Dokumentaristane har skapt eit nærgåande portrett der Roger Stone ikkje sparer på noko. Filmen gjev også eit innblikk i nokre av dei verste sidene av amerikansk valkamp. Ifølgje Michael Kruse i Politico er eit av favorittsitata til Roger Stone frå Jokeren i Batman:

«Introdusér litt anarki. Endra på den etablerte ordenen, og alt blir kaos. Eg er ein kaos-agent.»