Tilsette i politiet meiner omlegginga vil slå negativt ut på fleire område, viser ny undersøking.

Nesten 80 prosent trur det førebyggjande blir dårlegare eller på same nivå som før på grunn av reforma, og nesten like mange trur det same vil skje med beredskapen, kjem det fram ei spørjeundersøking blant 4.500 tilsette i politiet, fortel Politihøgskolen i ei pressemelding.

Undersøkinga viser vidare at 70 prosent meiner at reforma har ført til at politiet har blitt mindre tilgjengelege for publikum enn før, mens 20 prosent meiner politiet er like tilgjengeleg som før med den nye reforma.

Gir ikkje meining

Nesten ingen av dei dei spurde trur det er mogleg å nå målet om eitt politi med tilnærma like tenester med den nye reforma. På same måten er det nesten ingen som trur at reforma vil gje betre utnytting av ressursane, og berre 20 prosent av dei tilsette i politiet meiner reforma gjev meining.

Spørjeundersøkinga er ein del av ei større undersøking som professorane Cathrine Filstad og Tom Karp har gjennomført om den nye politireforma. I tillegg til spørjeundersøkinga omfattar kartlegginga omfattar mellom anna fleire veker med feltundersøkingar og observasjonar.

På ein pressekonferanse på Politihøgskolen neste torsdag vil dei to forskarane presentera funna og leggja fram tilrådingar til kva som må til for å få nærpolitireforma på rett spor.

Oppdatert: fredag 11. januar 2019 13.05

Kommentarar

ANNONSE