Julekalender 24. desember


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På sjølvaste julaftan dukkar Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker opp bak luka. Noko overraskande er det nok at vestlendingen er ein ribbemann og det er med litt anstrengt mine han seier at:
– Det er fordi kona mi er frå Austlandet og det synest eg er godt òg…å eta på julaftan.
Sidan han til dagleg sit på Stord i Sunnhordland, må han nok sjå langt etter kvit jul.
Men kanskje er det meir håp for hans ønske for 2019:
– At fleire kan vera nyfikne – på verda rundt oss, seier Langåker.
Og er det ikkje det me alle håpar på, for at framtida skal verte litt lysare?
God jul!