Julekalender 18. desember

Framtida
Publisert
Oppdatert 03.01.2019 23:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagens kalendernisse kom rett frå New York til Askøy da ho var berre to år.

Kim Fairchild er både songar og skodespelar, og er for tida med i oppsetttinga «Book of Mormon» ved Det Norske Teatret. Det er skaparane av animasjonsserien «South Park» som står bak teaterstykket, som i 2011 vart sett opp på Broadway til svært gode kritikkar frå The New York Times.

Forestillinga har gått på det Norske Teatret sidan hausten 2017, og har gjort så stor suksess at dei held fram med framsyningar våren 2019.

Sist månad ytra Fairchild sin frustrasjon over nokre nordmenn sin bruk av ordet «neger». «Dette ordet som påstås å være så harmløst setter i gang kraftige negative følelser hos meg», skriv ho i ei ytring på nrk.no.

God 18. desember!