Magnus Devold: – Vil vite kven som gjorde kva på Orderud gård

Framtida
Publisert
Oppdatert 17.12.2018 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dagens julekalenderluke skjuler ingen ringare enn Magnus Devold, for tida aktuell i rolla som «akevittnissen» i Juleølkalenderen saman med Ylvis-brørne. Når 32-åringen reiser heim til jul vert han 16 år igjen, og vil berre vere ein sur tenåring som ser på TV og et godteri, men som av og til vert tvinga til å hjelpe til.

Julegåva som gjorde at 8 år gamle Magnus Devold vart heilt i hundre.

Endå han sjølv rår andre til å gje vekk opplevingar i julegåve, så er det ingen tvil om kva julegåve som ragar høgst for hans eigen del:

– Eg trur eg aldri har vorte så glad for ei julegåve som eg vart for å få brettspelet «Den forsvunne diamant» då eg var 8 år, fortel Devold.

Han var i ekstase i alle fall i ei veke, og ville spele heile tida.

– Etter kvart vart alle andre lei, og eg måtte spele åleine. Men det er jo alltid spennande å sjå kor diamanten ligg. Er den i Cape Town, i Timbuktu eller kanskje den er heilt ute på St. Helena. Kven veit, det endrar seg jo frå runde til runde.

Devold sitt ynskje for neste år er å få svar på eit spørsmål han tenker mykje på:

– Kven som gjorde kva på Orderud gard.

God 15. desember!