Magne Aasbrenn: Bli med på «Aksjon besteforeldre for Framtida»!

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida junior, den nynorske avisa og nettstaden for dei mellom 7 og 13 får ikkje auka støtte gjennom statsbudsjettet til neste år, og er no avhengig av fleire abonnentar for å halda fram.

Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, utfordrar no alle besteforeldre til å gi eit abonnement i julegåve til barnebarna.

– Viss avisa klarer å få 500 nye abonnentar innan nyttår, så skal avisa klara seg. Dette er ei vinn-vinn-vinn-gåve. Avisa vinn, lesarane vinn fordi dei får ei avis som er kjempebra, men altfor lite kjend – og heimemiljøet vinn fordi dette ikkje berre er «enda eit leiketøy» som hamnar i ein haug på golvet.

Tek opp kampen med bokmålsgigant

Framtida junior er ei nynorsk papiravis og nettstad for barn og unge. Ho har nyhende, faktaartiklar, kultursaker, boktips, skrivekonkurransar, debatt, teikneseriar og aktivitetar. Papiravisa kjem i postkassa kvar 14. dag og tar med friskt mot opp kampen mot giganten Aftenposten junior, med variert og populært lesestoff frå heile Noreg og verda. Tilbakemeldingane frå barna er svært gode.

– Men oppmodar du nå folk til å betale for ei avis som kanskje brått blir lagd ned dersom ikkje nok abonnentar melder seg?

– Abonnentspengane er sikra uansett. Dersom avisa må stanse, garanterer utgivaren LNK for at overskytande beløp blir betalt tilbake. Elles kostar eit 2 månaders abonnement berre 199 kroner.

Nynorsk kvardag til og med i København

– Men kan ikkje dette svekke abonnementstalet til Norsk Barneblad?

– Sjølvsagt må ungane få Norsk Barneblad! Dette er to veldig ulike publikasjonar. Norsk Barneblad er eit magasin som også har stoff for barn i førskulealderen. Framtida junior er ei nyheitsavis. Ho gir elevane godt grunnlag for å skrive nynorsk i aktuelle oppgåver på skulen, enten dei skal ha det som hovudmål eller sidemål. Eit kjempeproblem for nynorsken er at barn og unge berre ser bokmål rundt seg i kvardagen. Framtida junior bøter på litt av denne ubalansen. Og sjølvsagt er det lov for foreldre å teikne abonnement, òg!

– Men blir barna glade for å få dette?

– Hadde det vore ei treig og trist blekke, hadde eg sagt «gløym det!». Men dette er aktuelle saker, og mange barn likar avisa svært godt. I utgåva eg har her handlar det blant anna om Halloween, dataspel og om det skal vere aldersgrense på sosiale medium. Sjølv har eg tre barnebarn i København, og abonnement er bestilt til dei.

– Skal nynorsken erobre København no?

– Ja, det har vore på tide i 4-500 år, synest du ikkje det?

Her kan du tinge abonnement på Framtida junior.