Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skuleklokka ringer. Vi skvett. Hjartet mitt hoppa over eit slag. I ein augneblink føltest det nesten ut som om noko farleg, men det kan det jo ikkje vere. Skulen er ikkje farleg.
Vi spring vårt raskaste gjennom gangane, mot klasserommet. Føtene mine som treff golvet i ei fast takt. Først den eine, og så den andre. Ei kjensle av fridom spreier seg inni meg, og eit smil kjem fram i andletet mitt. Sekken ristar på ryggen min, og pusten min fer raskare og raskare. Eg kjenner hjartet mitt dunke hardt og kjapt. Eg ser venninna mi springe ved sida av meg, begge to like redde.

Redde for å treffe på Joseph, mattelæraren vår. Joseph er ein middelaldrande mann som nærmar seg femtiåra. Han har eigentleg mørkt hår, men det meste av det har blitt grått med tida. Også skjegget hans har blitt grått, og han går alltid med dei same, utslitne skoa.

Når vi kjem fram, går vi rett inn i klasserommet, og eg sett med ned ved pulten min. Eg sit med blikket vendt ned mot pulten. Eg kan høyre skoa. Skoa som kjem nærare og nærare. Plutseleg kjenner eg den sterke lukta av kaffi ved sida av meg. Eg kjenner den sterke pusten hans inni øyret mitt, før eg høyrer han seie noko til meg. Eg svarar utan å løfte blikket. Redd for å sjå han i dei mørke auga hans. Redd for å sjå det rynkete andletet hans. Redd for å sjå det blikket han har festa på meg. Det mørke, hatefulle blikket.

Før eg rekk å gjere noko meir, forsvinn kaffilukta. Eg kan høyre skoa trampe vekk frå meg. Eg løftar blikket, og ser ut. Ute skin sola sterkt, og gir meg ei god kjensle. Frå den andre sida kan eg høyre roping utanfor klasseromsdøra, og eg snur meg med eitt.

Eg ser at Joseph går mot døra, og at han går ut. Han lukka ho etter seg. Eg ser på dei andre rundt meg. Alle like nysgjerrige på kva som skjer. Alle like usikre på kva dei skal gjere. Eg kan sjå at dei tenkjer. Tenkjer på kva som skjer. Kva det er som skjer utanfor døra. Kva som skjer i gangen. Tankane spreier seg fort inni dei. Og etter berre nokre få sekund har dei funne ut ein teori. Desse teoriane deler dei med kvarandre, og snakkinga startar. Først med den eine, og så den andre. Til slutt snakkar alle i munnen på kvarandre. Eg bryr meg ikkje om kva dei seier. Teoriane deira er sikkert ikkje riktige likevel, tenkjer eg.

Eg snur meg og ser ut igjen. Det har kome ei sky framfor sola, og eg kjenner frysningar spreie seg rundt i meg. Saman med blodet som renn gjennom blodårene mine. Saman med alle dei tankane som er der, men som berre fer vekk med ein gong. Ingen av tankane festar seg, og eg berre sit der, utan å tenke på noko, kjenner berre på kulda som har spreidd seg i heile meg.

Eit høgt smell, etterfølgt av eit nesten like høgt, skjerande hyl spreiar seg i rommet. Og ved det same sekundet blir det heilt stille. Smellet og hylet gir frå seg ein klang, og det er akkurat som om verda står stille i eit lite sekund. Berre i det vesle sekundet står verda stille. Det er som om alt og alle berre stoppar opp. Eg kjenner at redsel tek plass i kroppen min, og erstattar kulda. Eg kjenner hjartet mitt dunke hardt og kjapt. Blodet som spreier seg i kroppen, saman med tankane mine. Tankane stoppar opp i eit lite sekund, før dei fer vidare. “Kva skjer”, er den einaste tanken som blir sittande. Kroppen min består no berre av frykt, redsel, og den eine tanken, tanken om kva som skjer. Auga mine svir, og eg kjenner pulsen min stige. Eg pustar tungt inn, og i det eg pustar ut igjen er det som om verda startar opp.

Eg reiser meg frå stolen og ser mot døra. Eg går bort til dei andre som no ligg på golvet rett ved vindauga, og legg meg ned saman med dei. Eg held blikket mitt festa mot døra, og eg tviheld handa til venninna mi. Tankane mine rasar gjennom meg, og igjen så er det berre ein av dei som festar seg. Kva skjer? Frykta og redselen fangar meg, og sjølv om venninna mi er rett ved sida av og snakkar til meg, er det som om ho ikkje er der. Eg høyrer berre nokre få ord av det ho seier. Ord som ikkje gir meining. Eit nytt smell spreier seg, denne gongen litt lenger borte. Folk startar å diskutere, prate, dele meiningar om kva smella er. Eg trong ikkje høyre på det dei seier ein gong, for eg veit godt kva det er. Eg veit så altfor godt kva det er.

Det kjem fleire smell, tre, fire og fem. Nokre hyl, før det blir heilt stille igjen. Smella er enda lengre borte, men eg høyrer likevel kva det er. Skot. Skot og folk som blir skotne. Fleire skot blir avfyrt, og eg knip att auga for kvar gong. Eg snur meg mot venninna mi, og ser ho djupt i auga, før eg seier: “Vi må kome oss ut her i frå, vi må gøyme oss!” Ho nikkar, og vi går mot døra. Eg først, og ho like etter. Vi spring fort, men stille gjennom gangane. Fleire skot blir avfyrt utanfor skulen. Eg ser ut gjennom vindauga. Folk som spring for liva sine. Andleta deira ber ein frykt eg ikkje kan forstå, men likevel kjenner meg igjen i. Tårane deira som renn nedover. Skrika som skjer seg gjennom hovudet mitt, som spisse klør nedover ei tavle. Dei fell i bakken, ein etter ein. Dei er som ein blink. Hovudet deira er midtpunktet. Eg såg han. Han såg meg. Hjartet mitt hoppar over eit slag. Han har sett oss. Eg ser venninna mi springe ved sida av meg, begge to like redde.

Redde for å miste livet. Redde for å miste kvarandre. Vi spring inn på toaletta, og inn på ei av slusene. Vi ventar i stillheit. Blikka våre møttest. Dei hasselfarga auga hennar bar ein genuin frykt. Eg leste på auga hennar at håpet hadde forsvunne frå kroppen hennar. Ho visste vi kom til å døy. Eg kjente noko varmt nedover kinnet mitt. Tårar.

Vi klemte kvarandre. Eg lukka dei mørkebrune auga mine. Høyrde at døra inn til toalettet blei opna. Eg kan høyre skoa. Skoa som kjem nærare og nærare. Auga mine opnar seg, og blikket vender ned mot golvet, på skuggen av personen utanfor slusa. Med hendene rundt kvarandre, stod vi begge to heilt stille. Pulsen min steig. Hjartet mitt dunka så høgt at eg var sikker på at han kunne høyre det. Blodet mitt som rann gjennom blodårane mine, gjennom heile kroppen. Auga som svidde, tårane som rann lik som blodet. Dette er slutten, tenkte eg.

Døra opna seg sakte, og eg løfta blikket opp frå skuggen, og festa det på blikket hans. Det mørke, hatefulle blikket.

Pistolen er vendt mot meg.

Det siste eg ser er munningen av pistolen.