Framtida Junior på skuleturné – søkjer juniorjournalistar

Framtida Junior skal ut på turné på Vestlandet for å lære opp fleire juniorjournalistar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Turneen er finansiert med støtte frå Sparebanken Vest, som no har løyvd 100.000 kroner til satsinga på nynorskavis for barn.

– Framtida Junior har som mål å gjere det kjekt å lese nyheiter for barn på nynorsk, og vi søkjer no etter barn som vil vere juniorjournalistar i redaksjonen vår, og skular som vil ha besøk av oss, seier redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtida.no.

Framtida Junior finst på både nett og papir, og over 50.000 brukarar har vore innom nettavisa sidan starten i fjor haust. Bak nettavisa står Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Framtida.no og ABC Startsiden. Papiravisa gir Framtida.no ut i samarbeid med lokalavisene Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.

Les ogsåVerdspremiere: Framtidajunior.no er klar!