Framtida.no, Foreningen !les og Magasinett arrangerer skrivekonkurranse om song.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no. Foreningen !les og Magasinett håpar du som er elev i vidaregåande eller ungdomsskulen vil skriva om song!
Førsteplassen blir premiert med 2000 kroner. Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Tips til kva du kan skriva om:
- Skriv om songen du ikkje får ut av hovudet. Kva er det med denne songen som gjer at det er så vanskeleg å få han ut av hovudet?
- Skriv om ein song som er viktig for deg. Kva er det som gjer denne songen viktig? Kvifor bør fleire enn deg høyra på denne?
- Kva kan song gjera med oss? Korleis kan song trøysta og gleda?
- Saknar du meir song i skulen? Korleis meiner du ein bør bruka song i skulen?
- Korleis kan song samla eit land? Korleis kan song vera viktig for kulturen vår og for samfunnet?
- Korleis kan song vera med på å endra samfunnet?
Grunngi meiningane dine, og bruk gjerne døme!
Her er nokre artiklar som gir deg bakgrunn.
Sjanger: Debattartikkel, lesarbrev, kåseri eller petit
Lengde: Maks 4000 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
Premie: 1. plass: 2000 kroner.
Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar.
Målform: Nynorsk
Innleveringsfrist: 15. oktober
Teksten din kan du senda inn til magasinett @ gmail.com
Fint om du oppgjev alder og skule du går på! Skrivekonkurransen er open for alle under 20 år.
Ta kontakt på epost, viss du har spørsmål!
Dei beste tekstane vil bli publisert på Framtida.no, Magasinett og neste nummer av Faktafyk som kjem i januar 2019.