Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 19.10.2018 18:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

gule flod

Frå omslaget til boka Den gule flod eller Jimmi Henriksens kviser, utgjeve på Gyldendal.

Jimmi Hendriksen synest sjølv at han har alt for mange kviser. I tillegg manglar han eit auge – det forsvann då han ramla ned frå eit tre og trefte ei grein då han var tolv år. Det einaste som er bra med eit knallraudt ansikt fult av gule fjelltoppar, er at det trekk merksemda vekk ifrå glasauget som stirrar tomt ut i lufta.

I romanen til Bjørn Ingvaldsen følgjer vi den hormonelle Jimmi gjennom ei humoristiske serie forelskingar og forviklingar. Glasauget og kvisene er viktige ingrediensar.

Mellom klassetur, ein deltidsjobb og tapre forsøk på å imponere jentene, opplever også Jimmi uheldige situasjonar med kvisene sine. Ein dag han syklar på veg til vaskeriet, merkar han noko klissete på ryggen. Ei av dei store kvisene har sprekt:

«Ei av de store kvisene man går og kjenner på i minst to uker. De som først sprekker når de er store som plommer. Og derfor lager verdens ekleste og klissete flekker.»

I tillegg kjem det også blod ut av kvisa, og Jimmi skildrar den kvite t-skjorta si som ei brukt bleie. Heile ryggen hans er dekka av gult slim.

Åsmund Eikenes

Åsmund H. Eikenes har skrive boka SPRUT om alle kroppsvæskene våre. I denne artikkelserien skriv han om kroppsvæsker i ungdomslitteraturen. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Instagramkvisene

Talgkjertlar i huda lagar ei olje som smørjer og beskyttar overflata. Desse kjertlane er som oftast plasser ved sidan av eit hårstrå, og dyttar det tjuktflytande talget opp langsmed hårstrået. Av og til vert det ein plugg, og då kan det gå gale.

Dersom pluggen storknar og vert svart, vert han kalla ein hudorm, men dersom bakteriane frå huda flyttar ned til pluggen, vert det i staden ei kvise. Kvisa gjer området raudt og ømt, og svært freistande å trykke på.

Dersom det ikkje går an å stikke hol på dei med ei sterlisert sikkerheitsnål, lyt ein ta turen til ein hudlege. Ein av verdas mest kjende hudlegar heiter Sandra Lee, kalla Dr. Pimple Popper. Ho har 2,8 millionar følgjarar på Instagram, og over 4 millionar følgjarar på YouTube.

Videoane hennar har blitt sett over 2,2 milliardar gonger. Hundrevis av timar med gul, brun, kvit, grå og rosa guffe som kveilar seg ut frå huda.

Kjendiskvisene

Utstyrt med skalpell, pinsett og mobilkamera fjernar hudlegen kirsebærstore kviser frå lokalbedøva pasientar, og med det som ser ut som bakenden på ei synål tvingar ho hudormane ut frå kvilestaden sin.

Nokre av dei større kvisene er forårsaka av tilstoppingar i talgkjertlane over lang tid, der innhaldet samlar seg opp som i ein demning. Andre klumpar skuldast oppsamling av ufarlege, men ubehagelege feittklumpar. Lee tek også i mot pasientar med hudkreft, og lagar videoar til opplysning og undervisning for folk flest.

Ikkje alle klarar å sjå videoar av kvisepopping og framleis ha eit smil om munnen. Men følgjartala indikerer at fanskaren er svært stor. Dei kommenterer, jublar, stiller spørsmål og lagar fankontoar medan dei handlar t-skjorter, kaffekoppar, caps og babyklede.

Gjengen har til og med eit eige tilnamn: popaholics. Den allsidige emneknaggen vert også nytta av iskremelskarar (popsicle) og for dei som likar plastfigurar av populærkulturelle karakterar som ristar på hovudet (kalla Pop!).

Pop, seier det, og gule flekkar prikkar spegelen.

Kjærestekvisene

Jimmi Hendriksen har eit par kjempekviser i lysken. Han klagar over at det gjer så vondt at han døyr av smerte om han klemmer på dei. Samtidig er det så pinleg å ha kviser mellom beina at han ikkje kan seie det til nokon.

Når boka går mot slutten oppdagar Jimmi at han og veninna Marit har meir til felles enn Jimmi hadde trudd. Marit tilstår at ho ikkje kunne bli med ut dagen i førvegen på grunn av ei kjempekvise. Midt på rumpa. Ho kunne verken sitte eller ha på seg bukse.

Jimmi forstår, og deler sine erfaringar før dei kyssar og vert kjærastar: «Jeg har også hatt slike. Det går an å stikke hull i dem med ei nål. Men det kommer til å lukte pyton.»

Væskene som styrer puberteten er ikkje berre gule.

Neste veke: Mensblod.

Les fleire artiklar i serien her!