Er dette Vestlandets nye fylkesvåpen?
Her er sju «favorittar» blandt dei 667 innsendte forslaga.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då dei to fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane ba om forslag til eit felles fylkesvåpen fekk dei inn 667 forslag. Desse er no samla i ein oversikt du kan sjekka ut her.
Porten.no har plukka ut sju av dei mest kreative forslaga. Sjå dei nedst i saka!
I midten av august skal ein folkejury og ein fagjury velga ut ti forslag kvar. Så skal folket stemma fram ein vinnar. Men det stoppar ikkje der.
Saman med tre av forslaga til fagjuryen, skal folkefavoritten då ut i ein ny designkonkurranse. Her må dei bryna seg mot forslaga til inntil fem inviterte designbyrå.
Ein fagkomitè skal plukka ut éin kandidat av dei maksimalt ni forslaga som står att. Dette blir den innstilte kandidaten. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som har det endelege ordet.
Avgjerda er venta å koma i slutten av året.
Her er nokre av dei sprekare forslaga: