Er dette Vestlandets nye fylkesvåpen?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.08.2018 21:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då dei to fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane ba om forslag til eit felles fylkesvåpen fekk dei inn 667 forslag. Desse er no samla i ein oversikt du kan sjekka ut her.

Porten.no har plukka ut sju av dei mest kreative forslaga. Sjå dei nedst i saka!

I midten av august skal ein folkejury og ein fagjury velga ut ti forslag kvar. Så skal folket stemma fram ein vinnar. Men det stoppar ikkje der.

Saman med tre av forslaga til fagjuryen, skal folkefavoritten då ut i ein ny designkonkurranse. Her må dei bryna seg mot forslaga til inntil fem inviterte designbyrå.

Ein fagkomitè skal plukka ut éin kandidat av dei maksimalt ni forslaga som står att. Dette blir den innstilte kandidaten. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som har det endelege ordet.

Avgjerda er venta å koma i slutten av året.

Her er nokre av dei sprekare forslaga:

SNUSFORNUFTIG: – De nye snusboksene har fått skryt for sitt minimalistiske design, så eg tenkte kanskje at det nye fylkesvåpenet skulle følgje litt av de same linjene, skriv innsendar Didrik Forshei.

 

OPPLAGT KANDIDAT: Slik ser May Anita Hovland for seg fylkesvåpenet.

 

VIVA SPONHEIM: – Sjølve motivet her er knabba frå Unge Venstres legendariske «Viva Sponheim»-kampanje frå 2005, so eventuelle opphavsrettslege motsegner frå deira hald bør effektivt kunna avvæpnast med frasar av typen «ja til små og mellomstore brot på opphavsretten» og «åndsverklova er grunnleggjande illiberal», skriv Maria og Vebjørn Sture om dette forslaget.

NY OG BEDRE: – På kvit grunn ei halvslapp vestlandslefse, skriv Magnus Odeen om sitt eige forslag.

 

NASJONALFUGLEN TIL VESTLAND?: – Fint posert måse med blå bakgrunn, skriv innsendar Svein Legolas Djønne.

 

BERRE VELSTAND: – Fylkesvåpenet treng sjølvsagt ikkje sjå nøyaktig likt ut som dette raske utkastet eg har skissert i den ærverdige fotofiklingsapplikasjonen MS Paint, skriv Andrè Habbestad.

 

TYPISK FAUNA: Maria og Vebjørn Sture meiner lakselusa fortener eksponering på fylkesvåpenet, som ein typisk representant for faunaen på Vestlandet.