Forfattar, målmann og samfunnsdebatant Walid al-Kubaisi er død

Framtida
Publisert
Oppdatert 07.08.2018 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Dag og Tid.

Walid al-Kubaisi døydde av kreft tysdag 31. juli.

Tankane våre går til familien og dei næraste venene.

Her er intervjuet som redaktør Svein Gjerdåker gjorde med Walid i vinter:

Tru mot eigen tvil

Vi skulle laga eit intervju om 60-åringen Walid al-Kubaisi. Så vart han alvorleg sjuk, og samtalane vart brått alvorstunge.

– Sjukdomen påverkar meg ikkje mentalt. Eg tenkjer ikkje på døden, og eg er ikkje redd for døden.

Walid al-Kubaisi sit på kontoret mitt og talar roleg. I det siste har vi hatt mange korte intervjusamtalar på 20–30 minuttar. Om alt mogeleg. Utgangspunktet var at Walid vert 60 år denne månaden. Men no er Walid alvorleg sjuk, han har kreft med spreiing, så samtalane våre har vorte prekære og alvorstunge.

I 15 år har han hatt kontor hjå Dag og Tid. Lika og elska av alle i huset, venleg som han er. Det blir ein vegg som fell ut i bladstova om han skulle falla frå. Poeten, forfattaren, debattanten, filmmakaren og religionskritikaren Walid al-Kubaisi.

 – Walid, eg vonar du har hatt eit godt liv i Noreg?

– Eg er verdas heldigaste flyktning, seier Walid kontant.

Det var ikkje sjølvsagt at det skulle gå slik. «Du kjem til å lida på reisa di. Livet i dei framande landa kjem til å verta hardt. Inna Laqina min saferina hatha nasaba.» Det var mora som las opp desse orda frå Koranen den kvelden i 1981 då Walid reiste frå barndomsheimen og Bagdad og flykta inn i Syria.

I 1986 kom han til Noreg, etter fem år med sterke opplevingar i Damaskus og Beirut. Heile denne historia har vore på trykk som føljetong i Dag og Tid og kom ut i boka Blekk og blod i 2016.

I dag er han norsk statsstipendiat, utnemnd av kulturminister Trond Giske i 2007, og ihuga noregsven. Ein av få eg kjenner som er nettopp det, noregsven, og den einaste eg kjenner som kunne ha sagt som Per Sivle – utan at det vart teatralsk: «Men eg vil Noreg so inderleg vel, at hugheilt gav eg det Hjarta og Sjæl.»

Eg hugsar eg såg Walid på gata i Oslo i 1996. Eg var kritisk til han og tenkte at det var unødvendig å gå så hardt ut mot sine eigne – innvandrarane i Noreg. Han hadde nyleg kome med boka Min tro, din myte, eit kritisk essay om korleis innvandrarar skal læra å leva med nordmenn – og omvendt.

Så då vi begge to var inviterte til middag hjå antropologane Unni Wikan og Fredrik Barth i 2001, var eg skeptisk. Men eg gjekk, og eg lika mannen før vi var komne inn i stova.
Under middagen fortalde han at han ikkje hadde sett mor si sidan 1981. «Eg torer ikkje reisa», sa han. «Kva med å reisa for Dag og Tid og skriva om møtet med mor og gamlelandet», spurde eg. «Med pressekort og norsk pass er du trygg.» Ti dagar seinare var han i Bagdad – og Walid vart fast Dag og Tid-skribent.

– Eg er forresten ikkje overraska over at du ikkje lika meg. Det er mange som ikkje likar meg, som ikkje likar at eg er så direkte, kommenterer han i dag.

Slekta til Walid kjem frå landsbyen Kubaisa i Irak. Oldefaren vart fødd der i 1830, i ein oase som ligg vest i landet, der karavanane kunne kvila kamelane og hestane sine og drikka kjeldevatn på vegen mot Bagdad. Oldefaren vart stammehovding i landsbyen og gifte seg med ni kvinner for å få så mange born som mogeleg for å styrkja stamma.

Al-Kubaisi vart eit kjent namn i Irak. Men i dag er makta til slekta redusert til knapt nokon ting. På grunn av irakisk maktspel er Walids slektshistorie ei forfallshistorie dei siste 30 åra.

Walid går ofte inn på Google Earth før han legg seg, og søkjer fram oasen vest i Irak.

– Har du heimlengt sjølv 30 år etter at du forlét heimlandet?

– I dag gjer eg det meir av nostalgi, men eg har hatt heimlengt, sterk heimlengt.

– Korleis har det vore?

– Ufatteleg trist og smertefullt. Kjensla gjer at ein berre vil leva i fortida. Eg kunne før liggja på rommet mitt og grina. Livet som flyktning er smertefullt. Brått er ein amputert frå røtene sine, språket, kulturen, luktene, smakane – alt. Det er som å verta foreldrelaus. Heimlengt er lammande for ein flyktning og kan gjera at ein ikkje kjem seg vidare i livet. Eg skjøna dette og makta medvite å sigra over heimlengten ved å læra meg norsk og skapa meg ein sjølvstendig ståstad i Noreg.

– Eg ser på deg som fullt integrert i det norske samfunnet. Men eg blir ikkje klok på ordet integrering. Ordet er så laust og altomfattande.

– Eg er samd. Ordet assimilering er betre. Fyrste generasjon innvandrarar må tilpassa seg Noreg etter beste evne, men andre generasjon bør assimilerast, ikkje integrerast.

– Det er jo eit belasta ord?

– Må det vera det? Eg meiner det er sjølvsagt at ein som er fødd her, same kvar foreldra er frå, fullt og heilt må gå inn i det norske samfunnet. Er eg integrert eller assimilert? Assimilert. Er eg undertrykt? Nei, snarare frigjord. Hadia Tajik ser eg òg på som assimilert. Eller Shabana Rehman. Sjølvsagt har dei begge med seg den pakistanske bakgrunnen, men dei er begge fullt og heilt norske. Men assimilasjon er ikkje det same som å slutta å eta kebab. Assimilasjon for meg er ein mental tilstand der ein lever etter norske verdiar og tenkjer som nordmenn.

– Så då må ein kunna gå med hijab, som du er så imot, òg som assimilert?

– Privat må folk kunna gå som dei vil. Men hijab høyrer ikkje heime i skulen eller på jobb. Hijaben er for meg eit symbol på politisk islam og ei tru på sharia, kalifatet og eit teologisk system som kolliderer med demokratiet. Det har ingenting med norske og vestlege verdiar å gjera. Går ein med hijab, fortel ein omverda at ein vil at Koranen skal vera med og styra samfunnet.

– Kva vil du seia til muslimane i Noreg?

– At vi som gruppe har oppført oss uklokt. Vi har forsterka biletet media har spegla: at muslimar fyrst og fremst er religiøse vesen som ikkje kan frigjera seg frå tradisjonane frå mellomalderen. Er det rart at folk vert skeptiske til oss? Muslimane i Noreg må vita at dei er den svakaste minoriteten. Kvifor? Fordi nordmenn fryktar dei. Motstanden mot innvandring handlar om muslimane – ikkje polakkar, vietnamesarar og tamilar. Ingen fryktar dei. Nordmenn fryktar religionen islam og at islam skal påverka Noreg. Og eg skjønar dei. Eg er redd islam sjølv. Kven blir ikkje det når ein ser korleis politisk islam øydelegg land etter land i Midtausten, og korleis mange muslimar i Europa bur i gettoar og held fast på tradisjonelle overtydingar om korleis samfunnet bør styrast.

– Det er jo ikkje alle som tenkjer slik?

– Nei, men slik står vi fram i media, sjølv om nesten 50 prosent av muslimane i Noreg i dag er sekulære muslimar, det vil seia at dei har eit privat og avslappa tilhøve til islam og ikkje vil at islam skal styra samfunn og politikk. Og det skal òg seiast at dei som trur, høyrer til mange ulike moskear – som mislikar kvarandre. Norske og europeiske muslimar er ikkje ei einsarta gruppe. Norske sunni- og sjiamuslimar ser på kvarandre som vantru.

Blant sunnimuslimar er det òg konflikt. Folk som støttar Den muslimske brorskapen, mislikar salafistane. Islamnett er for seg sjølv. Sjiamuslimar støttar òg ulike retningar. I tillegg høyrer moskeane til ulike landgrupper. Pakistanske muslimar går ikkje i same moské som somaliske. Alt dette gjer at muslimane i Europa ikkje utgjer like store utfordringar som nordmenn og europearane trur.

– Er du sjølv muslim?

– Eg tvilar på alle gudar, og eg trur på alle gudar. Eg høyrer til sufitradisjonen. Ein periode i Beirut på 1980-talet var eg ein overtydd muslim, men så skjøna eg at dei islamske prestane dreiv med blasfemi og gjorde Gud til ein hatefull skapnad som berre elskar muslimar. Kvifor skal ikkje Allah òg elska dei vantru? Han har jo skapt dei òg. Nei, skal eg tru på Gud, må han vera kjærleg. Og som du veit, er eg sterk motstandar av islam som religiøs og politisk maktfaktor i samfunnet og overfor einskildindivid.

– Kva vil du med livet ditt?

– Leve og døy i fred. Eg er solidarisk med alle som vil gjera livet betre for folk. Det materielle interesserer meg ikkje. Eg vil gjerne ha fine og reine klede, men eg likar ikkje overdriving. Skal eg kosa meg ein kveld, lagar eg ein fiskemiddag og drikk eit glas raudvin. Men det skjer berre to–tre gonger i året.

Husværet hans på Trosterud er enkelt innreidd, men fullt av bøker. Ikkje berre i bokhyllene, men i stablar overalt på borda, på golvet og der det måtte vera plass – som på badet. Rotete, men likevel reint. Og Walid er alltid pent kledd, helst med ei blå eller grå jakke med svart skjorte under. Og far hans har fortalt han at skoa skal vera nypussa.

Dagen til Walid startar tidleg, seinast halv seks, men så har han òg lagt seg tidleg. Helst før klokka sju om kvelden, om vinteren vel å merka, og når han ikkje er ute i eit eller anna ærend. Når han så står opp, et han ein enkel frukost – ei rista brødskive med kvitost og syltety – og drikk ein kopp kaffi medan han høyrer på P2.
Så skriv han til klokka ti, før han tek t-banen til Dag og Tid.

– Når eg set meg på kontoret, kjenner eg meg privilegert. Eg les aviser og snakkar laust og fast med folka i bladstova. Alle må ha ein stad og gå til kvar dag for å overleva og for å finna seg sjølv. Fyrst då eg fekk kontoret mitt hjå Dag og Tid, vart eg eit heilt menneske.

– Korleis pregar sjukdomen deg?

– Eg veit eg har kort tid att. No er det viktig for meg å gjera ferdig filmen min om norsk identitet og norske verdiar. Og få ut ei bok med dei korte epistlane mine i Dag og Tid.

Det slår meg då eg sit og skriv ned intervjuet, at Walid er vorten ei viktig nynorskrøyst med boka Blekk og blod og dei mange hundre artiklane som har vore på trykk i Dag og Tid.

I tillegg kjem altså kanskje småstubbane hans ut som bok. Nynorsken høver godt til Walid og talemåten hans. Heldige er dei som har høyrt Walid lesa dikt på nynorsk. Han las Sivles «Gøym meg, mor» i stova til Asbjørn Aarnes. Diktet om døden som er utan von. Tårene rann. Og når han les «Mellom bakkar og berg», gjev han det heilstøypte diktet til Aasen ein heilt ny klang.

Eg må ringja han og fortelja han dette:

– Walid, du er ein nynorsking, med alle artiklane i Dag og Tid. Det har du ikkje tenkt på.

– Eg elskar nynorsken, det er språket til englane. Eg har teke til å tru at norsk poesi i framtida må skrivast på nynorsk. Det er noko med klangen som er uslåeleg. Eg er lei meg for motstanden som nynorsken har opplevd. Men eg veit grunnen: nordmenn har ikkje tru på seg sjølve og eigen identitet, og dei har gløymt opphavet sitt. Dei har til og med gløymt Ibsen, Wergeland, Vinje og Garborg.

– Kan du omsetja eit dikt til nynorsk?

– Gjerne. Du får det i morgon. Eg vil ta ein strofe av Alhadi Adam (1927–2006) frå Sudan. Han skriv vakkert om kva livet eigenleg er, og at du må vera øm mot hjartet som drøymer om deg. (Sjå baksida i avisa.)

– Kva er yndlingsdiktet ditt?

– Noreg har vorte lagnaden min. Eg elskar Noreg og den norske kulturen. Men det er noko eg mislikar. Dette landet som er prega av likskapsideologi, omfamnar for ofte det middelmåtige individet. Difor græt eg for Wergeland når eg les diktet «Følg Kaldet!», der han samanliknar seg med ei kongeørn, det stoltaste dyret i nordisk fauna, som tener som vakthund i garden:

Kongeørn, med Lænke spændt om sit Been og Vingen brudt, som i over tyve Aar, siden den blev halvdød skudt, har for simpel Gaardhund tjent paa en ensom Bondegaard …

– Skal eg vera litt sjølvgod? Ingen skjønar Wergeland som eg gjer.

– Og yndlingssongen din?

– «Vårsøg» av Hans Hyldbakk og Henning Sommerro. Eg vart invitert av forfattar og tidlegare Dag og Tid-journalist Svein Sæter til å halda 17. mai-tale i Surnadal, heimstaden til Hans Hyldbakk. Etter meg spelte Henning Sommero «Vårsøg». Eg fekk gåsehud og får det enno kvar gong eg høyrer denne vakre songen.

Walid er assimilert, men han går ikkje på ski. Best likar han å køyra bil. Eg hugsar kor barnleg glad han var då han endeleg fekk råd til bil i 2007.

– Eg elskar å køyra på biltur. Eg stoggar heile tida og ser på detaljar i naturen. Særleg på trea. Dei varierer slik alt etter kvar ein er. Trea i Hardanger har ein annan farge enn trea i Hallingdal.

Og så stoggar han på kafear langs vegen og observerer folk på avstand.

– Eg likar korte, intense og seriøse samtalar med folk eg ikkje har møtt før. Det gjev meg alltid ny innsikt i samfunnet vårt.

– Kvar står du politisk?  

– Mange har prøvd å klistra meg til høgreekstremistar fordi eg er kritisk til politisk islam.

Men eg lèt meg ikkje styra av ideologiar, berre av verdiar og prinsipp. Inst inne kjenner eg meg som ein venstreradikalar, det har eg alltid gjort. Det har difor vore slitsamt og krevjande å få urettvis kritikk frå venstresida. Men det får så vera. Eg ser på mykje av den norske venstresida som eit deformert barn av høgresida. I Noreg har venstresida i praksis støtta islamismen og dei konservative muslimane med alt dette dialogpratet. Dei går ikkje i dialog med ekstremistane på høgresida. Kvifor er dei då så sjenerøse andsynes islamistar?

Vi går ein tur langs Karl Johan, forbi Stortinget, og ser opp mot slottet. Vi blir høgstemde, og eg spør han kva som er Noregs stoltaste augneblink.

– Demonstrasjonane etter drapet på Benjamin Hermansen i 2001, og dei landsomfattande demonstrasjonane og rosetoga mot Anders Behring Breivik. Begge hendingane gjev demokratiet meining for meg.

– For ti år sidan spurde eg deg om du var redd for å døy. Du svara nei. «Berre for alvorleg sjukdom, smerte og vonløyse.» Kva seier du til det no?

– Eg går taktfast utan redsle i døden. Men eg vil kjempa til siste andedrag for å halda meg i live, trass smertene etter dosane med cellegift.

– Ser eg deg på stølen til sommaren?

– Inshallah. Om Gud vil.