Dei to utanlandskablane som er under bygging, vil truleg auke straumprisen med rundt tre øre, skriv Nationen. Fagforeininga Industri Energi er imot å byggje straumkablar til utlandet.
– Kvar ny overføringskabel for straum trugar både lønsemda og arbeidsplassar i industrien, seier spesialrådgjevar Geir Vollseter i Industri Energi til avisa.
Skeptisk til å kople norsk fossekraft til Storbritannia
Den kraftintensive industrien brukar om lag 30 prosent av all elektrisitet i Noreg. Vollseter er særleg skeptisk til å kople seg til Storbritannia med kabel, slik North Sea Link skal gjere. Den lengste sjøkabelen i verda skal gå frå Suldal i Rogaland til Blythe i Northumberland.
– England har dei høgaste kraftprisane i Europa. Difor er presset størst for å byggje kablar dit. Eitt øre i prisskilnad betyr 400 millionar i auka driftskostnad for industrien i Noreg. Nettleiga aukar og med mange øre når ein byggjer kablar.
Noreg er allereie i dag kopla til det nordiske og nordeuropeiske kraftnettet og blir såleis påverka av dei europeiske kraftprisane.