Framtida
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grytten og Eikemo på visning utanom det vanlege

Dei nynorske festspela vert arrangert denne helga, og festspeldiktar Marit Eikemo deltek på mange arrangement. Eit av dei meir originale var visninga i eit hus til sals i Ytrehovdevegen i Ørsta. Huset har lege ute på marknaden sidan i vinter, og huseigar Einar Myklebust håpar denne særs uortodokse visninga kan få fart på salet.

– Det var enkelt å takke ja når Festspela spurte om å få bruke huset, seier han i solskinet utanfor huset.

Meklar Hanna Sylte (i svart) snakkar med potensielle kjøparar. Foto Geir Egil Eiksund.

Meklar Hanna Sylte frå EigedomsMeklar 1 vedgår at dei fleste nok møter opp på grunn av hendinga.

– Men kanskje kjenner nokon av dei som kjem folk på bustadjakt. Vi håper jo at dette kan vere med på å gjere at folk får auga opp for ein veldig flott einebustad. Så vi måtte jo bli med på dette, då Festspela spurte om vi hadde eit hus som låg ute til sals.

På trappa utanfor inngangen ynskte Frode Grytten og Marit Eikemo publikum velkomen inn til visning. Og i ei stove stappfull av tilhøyrarar las dei utdrag frå bøkene Det norske huset og Gratis og uforpliktande verdivurdering, begge bøker som omhandlar huskjøp og -sal.

Opningstale ved Tharaniga Rajah. Foto: HumbersetFoto

Tema identitet

Temaet for årets festspel er identitet, og gjennom mange arrangement har temaet blitt teke på ulike vis. I opningstala torsdag snakka debutantforfattar Tharaniga Rajah om korleis hennar erfaringar med rasisme i Noreg har vore med på å påverke tematikken i hennar første roman som kjem ut på Samlaget i september. Rajah er fødd og oppvaksen på Moi i Rogaland, med foreldre frå Sri Lanka. Ho skildra korleis det å vere mørk i huda gjer at ein i mange samanhengar ikkje blir ein del av fellesskapet i Noreg, noko som vidare påverkar identiteten.

Debutromanen hennar skildrar ein tenkt krig mellom samar og nordmenn, noko ho har velt for å gjere temaet nærare for folk i Noreg. Men også for å få folk til å reflektere over korleis det faktisk er å vere minoritet i Noreg.

Frida Ånnevik i Uteamfiet. Foto: HumbersetFoto

Frida Ånnevik. Foto: HumbersetFoto

I løpet av festspela har salen og utescena på Aasen-tunet vore mykje nytta til både samtalar, diskusjonar føredrag og opplesingar. Skodespelarar frå Det Norske Teatret og Teateret Vårt i Molde framførte ei opplesing frå boka Alt inkludert av festspeldiktar Eikemo. Og på utescena har mellom anna Frida Ånnevik og Sigrid Moldestad underheldt på kveldstid.

Nøgd meklar for dagen

Attende i huset i Ytrehovdevegen var ein av meklarane for dagen, Frode Grytten, nøgd med arrangementet.

Frode Grytten las frå boka si Det norske huset. Foto: Geir Egil Eiksund

– Dette var veldig kjekt. Det er fint å ta andre arenaer i bruk, og få publikum ut i litt nye situasjonar. Det blir nok litt skummelt for publikum, men det verka som folk syntest det var moro.

To av dei mange besøkande, Liv Heskestad og Britt Mo Nummedal, likte arrangementet.

– Dei bøkene forfattarane las opp frå har jo eit skarpt blikk på bustadsal, og nyttar ironi og humor på bekostning av menneske som ikkje har vedlikehalde husa sine. Og etter å ha høyrt utdraga frå boka til Eikemo, er eg viss på at eg ikkje vil kjøpe «ein sjarmerande einebustad». Der er det nok lite på stell, seier Heskestad.

– Ja, ein blir verkeleg medviten om at ein må vere på, både som seljar og som huskjøpar etter dette. Eg ville nok ikkje ha turt å låne ut huset mitt, legg Mo Nummedal til.

– Eg tenkjer på seljaren. Håper ikkje han får kalde føter no, etter det Eikemo las opp frå boka si, seier Heskestad.

– Dette var veldig artig, og det var veldig tøft av seljar å stille opp, avsluttar Mo Nummedal.