– Er det rart at vi blir sinte, når vi ser jorda bli rasert rett framfor oss?

Astrid Underlid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas miljødag vart stifta av FN i 1972 for å auke folk sin bevisstheit om miljøspørsmål. 18 år etterpå omringa 2000 norske ungdommar klimatoppmøtet på Hotell Norge med parolen «No Action – No Future», som kritikk av ein norsk miljøpolitikk med store ord og lite handling.

I dag vart dette slagordet tatt i bruk igjen på markeringa av miljødagen i Bergen. Markeringa i Bergen er arrangert av 5. juni-bevegelsen for klima som offisielt vart starta i dag for å stanse klimaranet mot barn og ungdom. Med seg på laget har dei mellom anna Natur og Ungdom, Framtiden i våre hender, Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet.

– Vi har fått nok av ein klapp på skuldra

Leiar i Natur og Ungdom Hordaland Vilja Helle Bøyum (17) gjekk hardt ut i appellen sin:

– Kvifor skal det økonomisk nedgang til for at rasering av planeten takast på alvor? Vi blir møtt med lange monologar om pengar, pengar og atter pengar. Og til og med når vi veit at handlingar kan føre til katastrofale konsekvensar, så er det framleis pengar som står i hovudet på politikarane. Vi har fått nok av ein klapp på skuldra for å vere engasjerte, og av å få beskjed om å vere mindre negative når vi står opp for miljøet. Er det rart at vi blir sinte, når vi ser jorda bli rasert rett framfor oss?

Etterspør klimaengasjement blant foreldre og politikarar

Ho etterspør det same engasjementet hos foreldregenerasjonen, som Besteforeldrenes klimaaksjon:

– Når startar foreldre sin klimaaksjon?
– Når startar politikarane sin klimaaksjon?

Blant dei vel 100 som møtte opp, var Besteforeldrenes klimaaksjon med raude sydvestar godt representert. Stein Ødemark har vore med i organisasjon heilt frå starten, som sprang ut av miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.

– Målet til organisasjonen er å redusere CO2-utsleppa i atmosfæren, og vi møter opp på omtrent alle klimaarrangement som finn stad, seier han.

Generalsekretær i Naturvernforbundet Maren Aschehoug Esmark. Foto: Astrid Underlid

Årets tema for miljødagen er å stoppe plastforureininga

Ifølgje generalsekretær i Naturvernforbundet Maren Aschehoug Esmark blir heile 20 prosent av all olje og gass i verda brukt til å produsere plast.

Equinor (tidlegare Statoil) satsar stort på dette, trass i den alvorlege plastforureininga av havet. Og medan Sverige og Danmark etter kvart har kutta klimagassutsleppa sine med 25 prosent, har Noreg heldt fram med oljeboring.

5. juni-bevegelsen krev full stans av all oljeboring og ei satsing på klimajobbar. Dei vil også ha høgare avgift på plast, og forbod mot eingongsplast.

Forfattar Frode Grytten var ein av bidragsytarane, som las eigne tekstar om klimakrisa til stor applaus. Foto: Astrid Underlid