Høgre tilbyr gratis skyss til studentar som melder flytting til Bergen

Høgre vil tilby gratis kollektivtransport til studentar som melder flytting til Bergen.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilbyr studentar gratis buss, båt og bane for å flytta til Bergen

Bakgrunnen er at mange studentar bur i Bergen utan å vere folkeregistrerte der, noko som gjer at kommunen går glipp av innbyggjartilskotet.

Anine Frølich er bystyrerepresentant for Høgre i Bergen. Foto: Bergen kommune

– Dei brukar kommunale tenester på lik linje med andre innbyggjarar, mens heimkommunen får tilskotet, forklarar student og bystyrerepresentant for Høgre Anine Frølich til Bergens Tidende.

Ekstra gulrot

Innbyggjartilskotet blir betalt av staten og er basert på folkeregisteret. I dag er tilskotet på rundt 23.000 kroner i året per innbyggjar.

Som ei gulrot for å få studentane til å melde flytting, ønsker partiet å kunne tilby dei gratis månadskort på buss og bybane i eitt studieår. Bystyret i Bergen er no i gang med å utarbeide eit forslag.

Først i Kristiansand

Kommunestyret i Kristiansand vedtok i fjor å gi gratis busskort til studentar som melde flytting. 1.930 studentar nytta seg av tilbodet og Telemarksforskning har berekna at kommunen tente 20,3 millionar i 2017 som følgje av kampanjen.

Høgres forslag i Bergen gjeld berre studentar som i dag er folkeregistrerte i kommunar utanfor Hordaland, for å unngå at nabokommunane taper store inntekter. (©NPK)