Lokalval i 2019 etter kartet frå 2020

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastslår at valet i 2019 skal gjennomførast som om grenseendringane som trer i kraft frå 1. januar 2020 allereie er gjennomført.Dette gjeld for alle kommunar og fylkeskommunar som er omfatta av samanslåingar, grensejusteringar og delingar, heiter det i ei pressemelding frå departementet.

Det inneber med andre ord at innbyggjarane ved lokalvalet neste haust skal velje sine representantar til kommunestyra og fylkestinga i dei nye einingane slik dei ser ut frå 2020.

På den andre sida har departementet tidlegare signalisert at det vil vere naturleg å behalde dagens 19 valdistrikt (som er identisk med dagens 19 fylke) ved stortingsvalet i 2021. Grunngjevinga er at eit lovutval som skal greie ut alle spørsmål om talet på nye valdistrikt, då vil få tilstrekkeleg tid til å greie ut problemstillingane før det vert gjort varige endringar i valordninga. (©NPK)