Framtida.no søkjer journalist
Me søkjer etter ein idérik og engasjert nyhendejournalist med god, nynorsk språkføring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framtida.no søkjer etter ein journalist som vil laga god og spennande journalistikk om politikk, miljø, utdanning og kultur for ungdom mellom 15 og 25 år.
Me søkjer etter deg som:
- har evne og lyst til å arbeida fram gode idéar til gode saker
- er god til å skriva og formidla for unge, og veit kva ungdom mellom 15 og 25 år er opptatt av
- er god på å samarbeida, har eit godt nettverk og arbeider sjølvstendig
- har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
- har god bildeforståing, meistrar foto og gjerne enkel video
- har god, nynorsk språkføring
Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.
JOURNALIST
Me lyser ut eit engasjement som journalist ved kontoret vårt i Oslo sentrum. Engasjementet varer i første omgang ut 2018, men med høve for utviding.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir å leita fram og skriva viktige nyhende for unge mellom 15 og 25 år, deska og formidla sakene våre til fleire lesarar gjennom sosiale medium.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, telefon 94875365.
Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 31. mai.
Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein(ALFAKRØLL)framtida.no
Framtida.no er den einaste riksdekkande nynorske nettavisa. Nyhende- og debattavisa for unge har kring 50-90.000 brukarar i månaden, og har hatt auke i trafikken sidan starten i 2010. Avisa har kontor hos ABC Startsiden i Oslo sentrum, og hos lokalavisa Sunnhordland på Stord. Framtida.no blir drive av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden.