Får stipend for å skriva nynorsk sakprosa for barn
Åsmund Husabø Eikenes får 50.000 kroner i nynorskstipend for å skrive sakprosabøker for barn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Utgjevingane er med på å bøte på eit problem vi i Mållaget har sett lenge, nemleg at det er ein stor mangel på sakprosabøker på nynorsk for barn, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.
Manglar sakprosa om naturfag på nynorsk
Åsmund H. Eikenes har ein doktorgrad i cellebiologi frå Universitetet i Oslo, og har tidlegare jobba som forskingsjournalist i Framtida.no. I 2016 gav han ut boka Handboka. Alt du vil vite om hendene dine – og litt til, og i august kjem han med ei populærvitskapleg bok om kroppsvæsker.
– Eg er veldig takknemleg. Sakprosa for barn inspirerer mange til å lesa. Sakprosa er også viktig for identitetsbygginga til barna, seier Eikenes. Han er glad for å få høve til å fylla eit tomrom innan sakprosaen.
Målgruppa for dei to illustrerte bøkene han no skal skriva, er barn i alderen mellom seks og ni år.
Begeistra
Kvart år deler Noregs Mållag ut to nynorskstipend på 50.000 kroner. Midlar til stipenda får vi av Kulturdepartementet, og føremålet er å hjelpe fram gode prosjekt som kan fremje nynorsk på alle samfunnsområde.
– Vi veit at alle små, nysgjerrige småskolebarn vil få tilgang til fagleg fundamentert informasjon på nynorsk, og derfor er vi begeistra for å dele ut det eine nynorskstipendet for 2018 til Åsmund H. Eikenes, seier Magne Aasbrenn.