Sjeldan kraftig jordskjelv ramma Møre og Romsdal
Torsdag var det eit jordskjelv med styrke på mellom 3,8 og 4,0 vest for Mørekysten. Skjelvet var «svært kraftig» i norsk samanheng, ifølgje NORSAR.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk (NNSN) hadde skjelvet episenter rundt 110 kilometer vest for Molde. Det var registrert klokka 20.01 torsdag kveld, og dei bereknar styrken til 3,8.
NORSARs jordskjelvobservatorium på Kjeller har på si side målt styrken til 4,0 og opplyser til Sunnmørsposten at episenteret ligg 125 kilometer nordvest for Ålesund, om lag 70 kilometer sør for Ormen Lange-feltet. Skjelvet oppstod i det som blir kalla Tampen-området, og dette er området med kanskje hyppigast seismisk aktivitet i Noreg.
Dominik Lang, avdelingsleiar for jordskjelvrisiko ved NORSAR, seier til avisa at styrken kan bli justert fredag, etter kvart som dei får fleire og meir nøyaktige målingar.
Sjeldan kost
– Slike jordskjelv blir berre registrert éin til to gonger per år i Noreg. Til å vere på det norske fastlandet var skjelvet svært kraftig, seier Lang til NRK.
Politiet i Møre og Romsdal har ikkje fått meldingar om personskadar eller materielle skadar som følgje av skjelvet.
Lang seier skjelvet ikkje var kraftig nok for å gjere strukturelle skadar på bygningar.
– Men bokhyller kan falle ned, og det kan riste ganske så kraftig, seier han.
– Trudde det var ei flyulykke
Skjelvet vart merka fleire stadar i Møre og Romsdal, blant anna i Ulstein, Brattvåg, Valderøya, Ålesund, Godøya og Ellingsøy. Ifølgje NRK vart det også merka av folk i Nordfjord i Sogn og Fjordane.
Aslak Sødergren, som bur på Roald på Vigra like nord for Ålesund, beskriv skjelvet som «knallhardt».
– Eg vart nesten redd. Det var heilt forferdeleg. Skjelvet varte i kanskje 10–15 sekund, og heile huset buldra, seier han til Sunnmørsposten.
Line Helgesen, som er journalist i avisa, seier ho aldri har opplevd liknande:
– Dette var heilt kraftig. Det klirra i glas i huset, og eg trudde ei stund at det var ei flyulykke ved flyplassen her. (©NPK)
LES OGSÅ: Kva er eit jordskjelv?