Ungdom i flest ulykker med snøscooterar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det går fram av ein fersk rapport som Transportøkonomisk institutt har utarbeidd.

Den høgare risikoen hos ungdommane kjem av at ein del av dei brukar snøscooter til risikoaktivitetar som køyring i laussnø, i bratte fjellsider, til hopping og kappkøyring. Sjølv om slik åtferd ikkje er særleg utbreidd, svarar seks av ti unge under 25 år at dei gjer dette av og til, eller oftare.

Dei yngste snøscooterførarane køyrer også gjennomgåande nyare og kraftigare snøscooterar enn eldre eigarar.

Snøscooterar blir i hovudsak brukte til ulike fritidsaktivitetar som dagsturar, isfiske, transport til hytte og i næring i samband med hytteservice, skianlegg, reindrift og køyring av ved. Brukssesongen er frå november til mai, med ein topp i mars.

Av dei 4.600 snøscootereigarane som har deltatt i undersøkinga, svarar 13 prosent at dei har hatt eitt eller fleire uhell med snøscooter i perioden 2011 til 2016. Av desse vart ein av fem fysisk skadd, og halvparten av dei igjen måtte ha legehjelp. Nesten ingen seier dei køyrer snøscooter etter å ha drukke alkohol.

Det er om lag 85.000 snøscooterar i Noreg i dag. (©NPK)