Stortinget blir lagt ned to år tidlegare enn planlagt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 02.04.2018 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legg merke til datoen denne saka vart publisert!

– Det er viktig med eit robust Ting. Å vera stor er ikkje nok. Det viktigaste er å bli større, seier kommunalminister Monica Mæland.

Det kjem store endringar når regjeringa tysdag legg fram den nye stortingsreforma. Etter det Framtida.no kjenner til, er det no fleirtal for å slå saman Stortinget med Vestland fylkesting allereie frå 2020.

Store overskridingar og manglande økonomikontroll gjer at Stortinget no blir lagt slått saman med fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane to år tidlegare enn planlagt.

Opnar for alternativ plassering

Stortingsmeldinga om stortingssamanslåing opnar for at det nye tinget ikkje nødvendigvis treng å liggja i Bergen. Venstre og KrF pressar på for å flytta Stortinget ut i distriktet. Venstre ønskjer å etablera det nye tinget i Ulvik.

Senterpartiet, på si side, som i utgangspunktet var mot ei samanslåing, ønskjer no å leggja tinget til Sogn og Fjordane.

– Gulen er  The real thing, seier Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp), og ønskjer å få tinget heim igjen til Gulating.

Framstegspartiet i Møre og Romsdal er svært kritiske til at fylkestinget i Møre og Romsdal er føreslått halden utanfor.

– Eg meiner det er heilt naturleg at det nye tinget blir flytta til Ørskog i gardsbarnehagen der, seier Sylvi Listhaug (Frp).

Kranglar om namn

Regjeringa har enno ikkje landa på noko namn for det nye tinget.

Storvestlandstinget og Ting1 er to av framlegga til regjeringa.

Arbeidarpartiet jobbar parallelt med å få fleirtal for å kalla det større tinget for Støretinget.

Kvar bør det større tinget liggja?

Kvar bør det større tinget liggja?

Bergen25
Gulen20
Leikanger19
Ulvik18
Svar totalt: 82