Difor blei det ulovleg å bruke bokstaven «N» i Kina

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag vart det nemleg kjent at det kinesiske kommunistpartiet vil tillate at ein president og visepresident kan sitje og bestemme livet ut. No er det slik at dei kan bestemme i to periodar, men ikkje meir enn det.

Kina har diktatur

Å sensurere bokstaven «N» er ein del av regjeringa sin plan for å unngå kommentarar frå dei som meiner at det er ein dårleg idé å la nokon sitje med makta så lenge.

Ifølgje Victor Mair, professor i kinesisk språk og litteratur ved Universitetet i Pennsylvania, er det mogeleg at styresmaktene i landet frykta at bokstaven «N» vart brukt til å seie noko negativt om presidenten, skriv CNN.

Allereie måndag kunne kineserane bruke bokstaven att.

Mykje som ikkje er lov

Ole Brumm har også blitt offer for kinesisk sensur. Foto: Filmweb

I Kina er det umogeleg å bruke Facebook, Twitter og YouTube. Ein roman av George Orwell som heiter «Animal Farm» og orda «Xi Zedong» er også sensurert, ifølgje China Digital Times. I tillegg vart ei rekkje søkeord sensurert på Weibo. Mellom anna «ueinig», «resten av livet», «udødelegheit», «emigrere» og «skamlaus», skriv Independent.

I fjor sommar vart sjølv Ole Brumm offer. Grunnen er at det kinesiske kommunistpartiet vil hindre bilete og tekst som kan gjera presidenten til latter. President Xi Jinping har nemleg fleire gonger blitt samanlikna med den honningelskande bjørnen.

Les reportasjeserien vår frå Jordbær-republikken Taiwan!