Slik vert valentinsdagen feira i 10 andre land

Janne Nerheim
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Framtidajunior.no.

Onsdag 14. februar er dagen for å gje dei me er glade i litt ekstra merksemd. Nokon gir valentinskort, andre kjøper blomar og sjokolade. Men kanskje det finaste er å gje noko ein har laga sjølv?

Men korleis feirar folk dagen i andre land? Nettavisa Dogonews og KRSby har skrive om dette.

JAPAN

I Japan er det kvinner som gir sjokolade til menn. “Giri-choco” eller “Honmei-Choco”.

“Giri-choco” er til vener, kollegaer og sjefar. “Honmei-Choco” er til kjærestar og ektemenn.

Ein månad seinare gir menn gåver til damene. 14. mars har dei nemleg ein dag kalla “White Day”. Då kjøper dei gåver som blomar, sjokolade eller smykker. Gåver frå menn til kvinner er gjerne tre gongar dyrare enn dei gåvene kvinnene gir.

Andre asiatiske land som Sør-Korea, Vietnam, Kina og Hong Kong har også denne tradisjonen.

LES OGSÅ: 7 romantiske verdsrekordar

SØR-AFRIKA

Feiringa av valentinsdagen i Sør-Afrika byrjer gjerne god tid i forvegen. Butikkar blir dekorert med blomar, hjarter og tradisjonell afrikansk pynt. Hotell, restaurantar og nattklubbar er fulle av folk denne dagen.

Det er ein tradisjon at Sør-Afrikanske kvinner festar namnet til den dei er forelska i på ein av ermene sine. På den måten kan gutane lett finne ut kven som er interesserte i å bli kjærasten deira.

DANMARK

Kjærestar og vener gir kvarandre kvite blomar, kalt snødropar. Menn gir også kvinner anonyme brev dei kallar gaekkebrev. Det er eit brev som inneheld eit spøkefullt dikt eller rim. Om kvinna kan gjette kven som har sendt brevet, får ho eit påskeegg seinare på året.

WALES

Her handlar romantikkdagen om Saint Dwynwen. Dette er ein helgen som gir vern til dei som elskar kvarandre. I tradisjonen, som har eksistert sidan 1700-tallet, gir og får folk kjærleiksskeier med tre symbol. Eit hjarte for kjærleik, hestesko for lykke, og hjul for støtte.

GHANA

I Ghana er det berre ein ting som gjeld denne dagen: SJOKOLADE! Dei har nemleg laga ein eigen nasjonal sjokoladedag på valentinsdagen. Den lokale kakao- og sjokoladeproduksjonen vert hylla, og då blir det sjokolade til folket.

FILIPPINENE

Her vert det arrangert «massebryllaup» på valentinsdagen. Det er gjerne 1500 par som giftar seg i same bryllaup.

PERU

I Lima arrangerer dei bryllaup for kjæledyr på valentinsdagen. Hundrevis av ektefellar i dyreverda vart gift i fjor.

INDIA

Dei siste åra har valentinsdagen blitt veldig populær i India, men det er ikkje alle like glade for. Medlemmar av det politiske partiet Shiv Sena har nemleg brent og røva valentinskort folk sender til sine kjære. Dei har også klippa av håret til par som viser sin kjærleik offentleg.

ESTLAND

I Estland blir valentinsdagen kalla «venedagen». Dei feirer nemleg ikkje berre romantikken, men også venskap og familie. Her arrangerer dei faktisk ein busstur der folk kan bli med for å finne seg ein kjærast.

USA

Valentinsdagen i USA er ein langt større fest enn i vesle Noreg. Her bruker dei til saman over 150 milliardar kroner på mat, reiser, gåver og godteri. Dei bruker også heile 367 millionar kroner på kjæledyra denne dagen.

LES OGSÅ: Vil du vere min Valentin?