Haltbrekken vil ha fluoravgift på skismørjing

Mens ein ventar på EUs forbod mot fluorkarbon, vil SVs Lars Haltbrekken innføre avgift på skismørjing med fluor. Noreg bør gå framfor, meiner han.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Haltbrekken er glad i å gå på ski, men miljøet kjem først, og han smør fluorfritt, skriv Dagbladet.

Lars Haltbrekken (SV) føreslår avgift på skismørjing med fluor. Foto: Jo Straube

– Det er fullt mogleg å gå fort på ski utan å smørje med miljøsvineri. Skinasjonen Noreg må liggje fremst i løypa og vere tydelege på at miljø- og helseskadeleg skismørjing er noko vi ikkje brukar, seier Haltbrekken.

Kan gi lever- og fosterskader hos pattedyr

I 2020 skal EU forby fluorkarbon, som blir brukt i mykje smørjing og som kan svekkje immunforsvaret og gi lever- og fosterskadar hos pattedyr.

Men SV-politikaren vil at regjeringa alt til neste år innfører avgift på skismørjing med fluor. Han vil ikkje seie kor høg han synest avgifta bør vere.

Ber om fluorfrie folkefestar

Anja Bakken Riise, som leier Framtiden i våre hender, ber skilandslaget legge fluorsmørjinga bak seg.

– Alle norske skirenn må bli fluorfrie folkefestar. På sikt bør også vinter-OL bli giftfritt. Det er fullt mogleg å gå fortast på ski utan giftig smørjing. Framtida til skisporten er fluorfri, seier ho. (©NPK)