Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren er her. Sokke- og skolause føter, korte bukser, brune leggar, kløande myggstikk på albogen, lukt av sjø og saltvatn i nasen, varme kveldar utan ende, mørket som liksom aldri heilt kjem til, bankande hjarte, saftige reker, svidde kotelettar og noko kaldt i glaset.

Vi veit at det er mange skrivesugne ungdommar der ute, SÅ:

Er du mellom 13 og 19 år?

Liker du så skrive?

Har du nokre tankar rundt temaet sommar?

Har du ein mobil?

Er det pengar på kontantkortet?

Er telefonrekninga betalt?

Vil du bli plukka ut til å vinne ein berbar mini-pc?

Send eit sms-dikt med maks 150 teikn til oss på telefonnummer 90 41 55 50!

Du kan skrive både på bokmål og nynorsk. Fleire av dikta blir publiserte på vår nettside.

Fristen for sms-konkurransen er 31. august 2010.

NB! Hugs å skrive namn og adresse!

Lukke til!