Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksten er ført i eit godt språk! Her er fine skildringar av indre/ytre landskap. Men forfattaren gjentar seg sjølv, og historia blir slik sett litt langdryg. Slutten bringer heller ikkje noko nytt til teksten, og blir derfor ein nedtur. Kunne blitt ei betre forteljing med små grep – td. opprydding i teksten og fleire overraskingar!

 

Vegkrysset

Nedover langs fjellsidene står frukttrea og nyt den varme sola. Bekkane renn langs fjellsidene og ser ut som kråkesølv. Ein bortkomen turist leitar etter den eine plassen han kan setje seg ned for å ete matpakka si. Om sommaren er det måkeskrik og drepande varme som dominerer, mens om vinteren er det ei hul stillhet dempa av all den kvite, krame snøen. Bygda ligg dekka av eit snøkvitt teppe som dempar all lyd.

Bortover den korte ”hovudgata” går det ei jente. Ho kostar vekk snøen frå ein benk og set seg ned. Ser utover den vakre bygda som ho kjem til å sakna. I snødrevet langt vekke kan ho sjå ein skapnad kome mot der ho sjølv sit. Ho får frysningar med tanke på det ho skal gjera om ikkje lenge. Ho ser utover den islagde fjorden og seier for seg sjølv: – Bygda er så fin når snøen ligg tungt og dempar alle lydar. Du kan sitje heilt åleine og berre tenke. Ei einsleg tåre renn nedover kinnet og landar på snøen attmed skorne hennar. Skapnaden som for litt sidan var så langt vekke, er no så alt for nær. Han set seg ned på benken attmed ho.

–    Hei, seier skapnaden roleg.
–    Hei, seier ho varsamt utan å sjå opp.
–    Kva sa dei? Pernille?
Jenta dreier hovudet og ser bort på skapnaden.
–    Sjå kor fint det er her, Helge. Det er så fint her.
–    Kva stod det i e-posten?
Ho snur seg mot fjorden igjen, ei ny tåre renn nedover det kalde kinnet. Ein liten fugl flyg rundt omkring akkurat der dei sit. Ein fugl som ikkje har klart å sleppe unna kulden i år.
–    Skal du reise då?
Pernille ser opp og snur seg mot skapnaden.
–    Eg må jo det, må eg ikkje. Det er ein sjanse ein får ein gong i livet, og aldri meir.
–    Men kva med meg då? Skal du berre la meg vera att her heilt åleine? Reise frå meg?
–    Vil du verkeleg setje meg i den posisjonen å velje? Er det rettvist?, Pernille ristar på hovudet og snur seg vekk.
Ho visste at det kom til å bli slik, det var berre slik han var. Meg sjølv, meg sjølv og meg sjølv. Ho kunne jo ikkje la han avgjera korleis ho skulle velje.
–    Synest det er ufatteleg urettferdig av deg å tvinge meg til å måtte velje… Du hjelpte meg! Du er berre heilt utruleg, sa Pernille og sette seg så langt inn i benken som mogeleg.

For eit halvt år sidan hadde Pernille plutseleg funne det ho hadde lyst til. Draumen. Ho skulle jo eigentleg berre sjekke e-posten sin, og no venta ho på å få ein e-post på det store elektroniske veven.

–    Men synes du det er heilt rettferdig av deg å berre reisa?
–    Synes du det er rettferdig å tvinge meg til å velje?
Helge vart stille. Pernille kunne sjå han såg utover den islagde fjorden. Som om han var ein slags tryggleik å klamre seg til for dei begge.
–    Eg reiser rett etter jul.
–    Du har allereie valt. Skal ikkje gjera det noko vanskeleg! sa han og snudde seg mot snødrevet.
Han løfta litt på jakkekragen, og gjekk raskt vekk. Igjen sat Pernille heilt åleine. Ei ny tåre rann nedover kinnet, men ho stoppa henne før ho kom noko lenger.
Helge blei ein skapnad som sakte, men sikkert forsvann i snødrevet. Akkurat slik han hadde kome.
–    Slik skal det berre ikkje vere, sa ho til seg sjølv. Ho såg utover fjorden og rista på hovudet, reiste seg opp og gjekk inn i snødrevet.
Dagene fram mot avreisedagen gjekk fort. Pernille høyrde nesten ikkje noko frå Helge. Når ho møtte han på gata, snudde han seg og gjekk ein annan veg. Når ho prøvde å snakke med han, snudde han seg vekk og snakka med nokon andre.
Ei vond kjensle vaks i Pernille, ei kjensle av at ho kanskje burde bli heime. Ho hadde dårleg samvit overfor alle dei ho skulle reise frå, og ikkje minst Helge.

Dagen avreisa var, verka snøen ute meir grå og kjedeleg enn han hadde vore i jula. Han hadde liksom mista juleglansen sin. Pernille såg rundt seg, naut eit siste syn av den fine bygda si. Ho var så inderlig glad i plassen og i folka. Ho følte det var så mykje usagt, men ho gleda seg til å begynne på nytt. Ny plass, nye sjansar!
Den vonde kjensla blei med eitt sterkare, ho kom til å tenkje på Helge. Alle dei morosame småfrekke kommentarane ho fekk når ho skreiv eit dikt, når han skreiv ei lita helsing på matpakka, når han tok handa hennar på ein kald dag og når han tok vekk håret frå andletet fordi han ville sjå augo hennar. Ei tåre rann lydlaust nedover det kalde kinnet, ho valde å la ho renne nedover og lande med eit lydlaust dump.

–    Om du skal rekkja flyet ditt, må du nesten koma no. Du veit, flyet ventar ikkje på deg, kjære, ropte mora til henne.

Pernille tok ein siste kikk på den triste gråe bygda si, sukka og gjekk bort til den snødekka bilen.

–    Eg trudde han ville kome mamma, eg hadde verkeleg tru på at han ville kome, sa Pernille og dunka seg sjølv i hovudet.

Begge jentene sette seg inn i bilen og gjorde seg klare til å reisa. Ho hadde sagt ha det til alle som betydde noko, alle hadde stilt opp og vor glad for at ho hadde fått sjansen.

For omlag ein månad sidan hadde Pernille fått e-posten. Ho hadde ikkje turd å opne han. Det kjendest som om det var ein sånn viktig e-post som burde få ligge litt før ein skulle opne han. Det var trass alt framtida og livet hennar det stod om.

–    Stopp mamma, stopp! ropte Pernille.
Bilen stoppa med eitt, Pernille reiv opp døra og hoppa ut. Pernille såg på Helge ei stund før han braut stilla.
–    Unnskyld. Eg vil ikkje at du skal tru at eg er sint på deg når du reiser, og eg håpar at me kan halde fram med det me har saman.
Pernille sitt ansikt lyste opp og ho smilte breitt.
–     Godtar du at eg dreg? Lettelse, sa ho og gliste mot han.
–    Sjølvsagt meiner eg det, me kan jo få tid saman når du er heime, eg kan besøka deg, me kan ringja til kvarandre.
Helge bøygde seg mot Pernille for å gje ho ein klem, men i det augeblikket endra ansiktet hennar seg. Ho såg ikkje lenger like glad og lukkeleg ut. Det var eit letta utrykk, auga smilte igjen.
–    Veit du kva eg trur Helge? Eg trur me seier stopp her eg. Det er nok.

Ho gjekk raskt bort til bilen igjen og sette seg inn. I det dei kjørte ut av bygda, sat Pernille i bilsetet og smilte letta for seg sjølv.

For eit par veker sidan hadde ho turt å opne e-posten. Ho hadde kome inn på den skulen ho ville gå på. Det stod i brevet at dei gleda seg mykje til ho kom, og at ho ville bli ein stor ressurs for skulen. Ho hadde vel eigentleg allereie då visst kva ho måtte gjere.