Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var like før no. Fridomen skulle straks ta tak i liva våre. Fleire år har gått. Likevel er det dei siste sekundane som tar lengst tid. 21, 20, 19. Eitt ring no, og alt slit vil vere over. 3, 2, 1, Jippi! Me reiste oss alle saman og pakka saman fortare enn aldri før. Letten strauma frå topp til tå. Me takka for sju flotte år, før me sprang ut døra og så heim til oss sjølv.
-Ingenting kan målast med smaken av raude jordbær og lukta av første feriedag. Gustav samtykte med eit nikk. Han bruka aldri å seie noko. Gustav sat liksom bare der og nikka og neia. For meg gjorde det i grunn ingenting. Eg lika å prate utan at nokon avbraut meg. Det var nok verre for han sjølv. Kanskje ikkje no, men snart. I vert fall visst det var sant det lærar Grov skreiv i e-posten som vart sendt rundt: no er det på tide at dokke går inn i den vaksne verda. Dokke skal verte flotte  ungdomar alle saman. Me hadde aldri tenkt på det slik. Me hadde jo alltid bare vore Gustav og Harry. Og no, i løpet av kort tid måtte me forandre oss.

Lærar Grov hadde jo alltid rett. Alt vart meir alvorleg då det var ho som sa det, så det var alltid lurt å høyre på ho. Men korleis skulle me to klare å verte ungdomar i løpet av ein ferie? Me som framleis sa takk for maten til mor. Med det utgangspunktet var det vanskeleg å laga to flotte ungdomar. Både Gustav og eg var einige i at lærar Grov allereie hadde gløymd at me gjekk i klassen hennar.

– Det var kjekt å springe ilag med dei andre for siste gong, kom det plutseleg ut av lungene til Gustav, som om han hadde bestemt seg for å byrja å prate likevel. – På ungdomsskulen går det ikkje an å springe. Det var vert fall det dei sa då me fekk informasjon. På ungdomsskulen står ein helst i klyngjer på skuleplassen. Ein spring ikkje. Eg såg at Gustav var usikker på om han i det heile skulle byrje på skulen. Eg skjøna han godt. Det var jo så herleg med ferie.

Det var tydeleg at det bare var Gustav og eg som var usikre rundt dette å verte ungdom. Allereie etter ei veke med ferien hadde jentene vore ute og kjøpt seg hyssing som truser. Gutane var ikkje noko betre. Dei hadde nemleg kjøpt seg knebukser. Det var sjølvsagt ikkje vanlege bukser som gjekk ned til knea. Nei, det var bukser som ikkje gjekk lenger opp enn til knea.

Kva var det som gjorde at dei var komen så langt i prosessen før ungdomsskulen? Me vart fødd i same år, oppvaksen i same bygd, hatt dei same lærarane og likevel var dei komen eit skritt lenger enn Gustav og eg. Me var så forskjellige ifrå dei. Difor var det svært utenkjeleg at dei ville vere med oss i ferien, i og med at dei ikkje vart tvinga av lærar Grov. Likevel spurde Eirik om ikkje me ville vere med å bade i kulpen med dei.

– Dokke skal ikkje verte med å bade i staden for å sitje på trappa heile dagen då? Vatnet er herleg, sa han då han sykla forbi. – Veit no ikkje heilt eg. Det er mykje varmare her på trappa enn det er i vatnet. Eg bruka det som ein unnskyldning for å sleppe. – Kom igjen då gutar. Om me skundar oss får me med oss når jentene skiftar. Gustav dulta borti meg.

– Kom igjen Harry, kviskra han. – No har me sjansen til å verte ungdomar. Jenter er koden. Me må sjå på jentene for å klare oss på skulen til hausten. Eg innrømde at Gustav mest sannsynleg hadde rett. I løpet av kort tid hoppa me på sykkelen og trådde så fort me kunne.

Det var tydeleg at me var sein, fordi jentene var ferdigskifta, noko som var ganske skuffande. Gustav og eg hadde gleda oss til å vere ungdom for fyrste gong. Då me kom var dei andre allereie på god veg uti vatnet. Dei fleste stoppa opp då me kom. – Der har me jo Gustav og Harry og jo, høyrde me ifrå dei andre. – Kom hitover så hopper me uti alle saman. Eg gjekk fram og såg utfor stupet dei ville me skulle hoppe frå. – Ikkje tal om at eg skal hoppe utfor her, glapp det plutseleg ut mellom leppene mine. Eg angra fort på det eg hadde sagt. – Kva? Kvifor ikkje? Det er jo bare åtte meter. Er du redd eller? Spørsmåla var så mange. – Eg er ikkje redd. Eg liker bare ikkje å kaste meg utfor slike høgder. Det er ein stor risiko å ta for både kropp og sjel. Gustav bare stod attmed meg utan å gjere nokon ting. Han nikka ikkje eingong. – Du kan jo ikkje byrje i 8.klasse utan å ha hoppa ifrå åtte meter. Jentene nikka i kor. – Det er sant det, sa dei. – Hopp Harry! Bare hopp! Eg grubla litt på det dei sa. Var det verkeleg sant at det som skulle til for å verte ungdom var å hoppe ifrå akkurat det stupet der? Nei, det var umuleg. Eg trakk meg tilbake. Men plutseleg var det noko i kroppen min som gjorde at beina spratt framfor kvarandre i stor fart. Rett som det var så hang der i lufta. Eg og måkane på same plan. Også i dette tilfellet bruka sekunda lang tid på å tikke. Sjølv om augo var igjen, kunne eg kjende at kroppen vart raud då eg trefte overflata. Kvifor gjorde eg det? Den einaste forskjellen frå før var dei pinlege merkene eg hadde fått då eg og vatnet trefte kvarandre for fyrste gong på den måten. Det var ikkje freistande å symje mot lyset. Det var betre å liggje der nede i mørket. For eg kjende meg ikkje som ein ungdom der eg låg. Eg kjende meg i grunn bare ung og dum.

 

———

Denne novella vart nr. 2 i skrivekonkurransen hausten 2008. Solveig L. Haldorsen er 16 år og kjem frå Nordheimsund. Juryen meinte dette om Hopp, Harry, hopp:

Ei original og artig forteljing som skaper fine bilete hos lesaren. Ei fin skildring av overgangen mellom barn og ungdom! Fine bilete, og godt språk. Vi kunne ønske oss ein litt meir utbygd tekst for å bli betre kjende med Harry og Gustav.