Framtida
Publisert
Oppdatert 23.01.2018 21:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blikka deira møttes. Dei såg på kvarandre. Dei kunne ikkje la vere å tenke på alt det fine. Men dagane hadde blitt lengre enn nettene. Latteren runga lågare. Stemmene var blitt høgare. Dei tenkte på det same. Dei såg ned. Det var for tungt. Orda som måtte seies kunne ikkje bli sagt. Alt kan utsetjast. Ting treng ikkje slutte. Det tenkte dei. Dei var eitt. Dei kunne ikkje delast. Dei delte alt.

Da dei møttes var det som om livet kunne levast. Dei hadde aldri følt noko slikt. Dei lo og gret. Dei delte alt. Dei såg rundt seg, og alt dei såg var kvarandre. Det var berre dei. Alt var solskin. Latter. Snøen var varm. Regnet var mjukt. Dei var eitt.

Dei visste det. Det gjekk ikkje. Dei kunne ikkje meir. Det skulle kome fleir vintre. Fleire somrar. Dei hadde så mykje dei ville gjere saman. Dei gret. Dei visste ikkje korleis orda skulle seiast. Dei visste ikkje kven som skulle seie dei. Vere den første til å innrømme det. Bryte samhaldet. Dei sat der saman. Såg vekk.
Dei leia alltid. Henda deira gjekk så fint saman. Dei passa. Dei las avisa saman. Alltid delte dei avisa på same vis. Dei reiste saman. Såg verda gjennom augo til kvarandre. Filmane var aldri så bra når dei var aleine. Dei hata saman. Dei elska det same. Dei lo og gret. Dei delte alt.
– Eg elskar tre ting. Eg elskar ein kjærleiksdraum eg hadde ein gong. Eg elskar deg. Eg elskar denne plett på jorda.
– Og kva elskar du mest?
– Draumen.

Ho hadde sagt det ho ikkje skulle seie. Aldri skulle ho seie det. Ho hadde byrja på noko som var for skummelt å tenke på. Ho visste ikkje om ho kunne fullføre. Ho kunne jo la vere. Kanskje kunne dei leve saman? Gløyme det vonde. Byrje på ny. Dei hadde så mykje fint.

– Eg elskar draumen om oss. Draumen om det vi ein gong var. Draumen om kjærleiken. Draumen om at det var oss. Du og eg.

Ho visste det var sant med det same ho sa det. Dei var ikkje lenger noko meir enn ein draum. Kor lenge kunne ho leve i ein draum? Ho såg vekk. Visste at ho hadde gjort det utilgivelige. Det var ikkje dei. Det var ho og han. Dei var ikkje eitt. Dei var delt.
Graset var mjukt. Dei såg på kvarandre. Dei såg berre kvarandre. Ingen i verda var vakrare, mjukare enn dei. Korleis kunne det vere mulig å ha det så bra.  Blå himmel så langt auget kan sjå. Ikkje ei sky.
Han såg på ho. Vemodig. Skjønte kva ho sa. Greidde ikkje heilt å oppfatte det. Skulle det vere slutt nå? Kva med alt dei skulle gjere saman? Alle plassane dei skulle sjå saman. Alt det dei ikkje enda hadde sagt. Var dette alt dei skulle få? Kunne ikkje fatte det. Han visste det var rett. Det kunne ikkje bli dei. Dei hadde delt det dei skulle dele. Dei hadde vore eitt. Dei var ikkje eitt.
Dei var eitt i søvnen. Det var ro om natta. Ingen høge stemmer. Pusten deira var alt som hørdest.  Om natta var dei eitt. Ein pust. Ein kropp.
Ho såg på han. Greidde ikkje snakke om det vonde. Greidde ikkje seie alt som burde seiast. Ho hadde så mykje å seie. Ho visste berre ikkje korleis det skulle seiast. Korleis dei hadde vakse frå kvarandre. Korleis dei hadde vore eitt, og nå var to. Korleis dei hadde delt alt, og nå berre delte minna.

– Hugsar du sumaren? Då vi satt i det mjuke graset?
– Og du kviskra i øret mitt?
– Om alle plassane vi skulle til. Alt vi skulle oppleve saman.
– Ja.
– Det var ein fin sumar.
Han orka ikkje tenke på minna nå. Dei var for vakre. Det ble for tungt. Dei hadde vore eitt. Dei var det ikkje. Dei måtte gå vidare nå. Skape nye fellesskap. Finne nye å vere eitt med. Han kunne ikkje tenke tilbake meir. Måtte starte på ny. Finne ei ny å sjå framover med.

Han hugsa første gang han såg ho. Ho var så vakker. Skinnande auger. Det var auga han hugsa. Dei lyste mot han. Dei smilte til han.
Dei smilte ikkje lenger. Dei var triste. Dei såg vekk. Ho orka ikkje å sjå på han. Minna kom for nær. Minna om alt som hadde vore. Minna om den gangen då dei var eitt. Minna om den gangen då dei alltid skulle vere eitt. Det var alt dei var. Minner.