Agnes Obel let meg vere melankolsk, usikker og kanskje også litt fortapt

– Musikken hennar passar til is, mørk eksos-snø og det gule lyset frå gatelyktene.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Passar til is, eksos-snø og lyset frå gatelyktene

Som med dei fleste andre, er eg glad i musikk. Musikk kan styrke og stadfeste kjensla eg har i augneblinken, eller få meg til å føle det heilt motsette. Det er vel kanskje det som er musikkens magi.

Eg har alltid vore spesielt glad i låtar med eit enkelt arrangement, og med ein tekst som får meg til å undre. Danske Agnes Obel sitt album Philharmonics tar meg med inn i sitt univers, og det er eit dystert, melankolsk og mystisk eit. Obel tar opp eksistensielle spørsmål, slik som dette utdraget viser:

What is wrong at the end of the day?

What is really wrong? No one dares to say

You know you’re wrong when there’s only one right

But what is wrong when right is out of sight?

Første gong eg høyrde namnet hennar, var i samband med at ho skulle spele på ein festival. Eg vart fengsla av musikken frå første sekund. Den er enkel og kompleks på same tid, og melodi og tekst går hand i hand.

Ho formidlar ei stemning med sitt piano som det er vanskeleg å skildre, men deilig å oppleve. Eksistensielle spørsmål er noko som går att i Obel sin musikk, slik eg tolkar han.

Ragna Hovig Utnes. Foto: Privat

Dette er ein låt som aksepterer at vala ein tar i livet, kan verke overveldande

«Avenue» er ein låt frå albumet eg høyrer mykje på om vinteren og på kveldstid. Musikken hennar passar så godt til eit Oslo omkransa av is, mørk eksos-snø og det gule lyset frå gatelyktene.

What is wrong in this old wasted game

May right and wrong be one and the same

«Avenue» leikar med ord, kva er rett og kva er galt? Kanskje spelar sjølve tittelen på låten nettopp på kva val vi tar på livets veg. Obel let meg vere melankolsk, usikker og kanskje også litt fortapt. Ho stiller spørsmål på ein undrande måte, og det er totalt fråvær av forhandsdømming. Kva som har vore rett og galt er ikkje det relevante, men nettopp det at det eigentleg ikkje spelar noko rolle.

We need to be somewhat

Foolish, feebleminded

Wrong and senseless

Dette er ein låt som aksepterer at vala ein tar i livet, kan verke overveldande. Det er musikk som let lyttaren reflektere over at alt ikkje er svart og kvitt. Det eksisterer nyansar i livet som vi også bør omfamne.

Med Obel sin musikk i øyret blir i alle fall alle feila og tabbane eg har gjort, litt mindre feil, og konsekvensane litt enklare å handtere.

Right rode off long ago

There’s nothing more you need to know

Ein låt eg likar

«Avenue»

Av: Agnes Obel

Frå: Philharmonics (2010)