Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ok. Eg lo litt. Men det var ikkje så lett å le. Steve Martin var både gøyal og lattervekkjande ein gong på 80- og 90-talet. I år 2006 er Steve Martins komiske styrke – rare ansiktgrimaser – både avlegs og særs primitivt. Ikkje det at primitivt og enkelt er dårleg, langt ifrå, det enkle kan ofte vere det beste, men då bør også repertoaret vere litt større enn det Martin har å by på.

Likevel, det er ikkje sikkert det berre skuldast Martins innsats som den særs klønete politiinspektøren Closeau at Den rosa panteren er ein dårleg film. Det kan også ha noe med manuset å gjere. Sjølvsagt bør ein vere tru mot den originale Den rosa panteren, med David Niven og Peter Sellers i hovudrollene på 60- og 70-talet, men det er jo slik at det som ein gong var morosamt, ikkje nødvendigvis er morosamt lenger. Det er ikkje berre teknologien, litteraturen, mekanikken, teknikken, osv. som utviklar seg, men også, heldigvis, komikken. Difor føler eg at regissøren Shawn Levy undervurderer publikum når han lesser på med enkle poeng i denne nye utgåva av Den rosa panteren.

Nei, eg ler ikkje når Steve Martin, i rolla som Closeau, brukar fem minuttar på å parkere den vesle bilen sin, medan han støtar borti andre bilar, eg ler heller ikkje så veldig når Closeau heile tida skal angripe gardinene med slag og spark for å vere sikker på at det ikkje står fiendar der, og det er heller ikkje så morosamt med uventa knyttenevar i ansiktet osv osv. Dette er humor for barn. Ungdom og vaksne fortener meir intelligent humor.

Det er ikkje til å kome bort frå at denne filmen er laga mye på grunn av kommersielle hensyn. Trur du det er tilfeldig at popstjerna Beyoncé Knowles spelar ei birolle? Det fungerte i alle fall veldig bra, ettersom Den rosa panteren fauk rett til topps på dei amerikanske kinolistene.

Som sagt, eg lo litt, humra innimellom, men måtte også sjå litt vekk for å ikkje bli for flau. Heilt på tampen kan eg kanskje skrive kva filmen handlar om: Ein fotballtrenar blir drepen, og den verdifulle diamantringen hans, Den rosa panteren, forsvinn. Kven er mordaren? Kven har fått tak i ringen?