Ein hammar ligg på kommoden og Mamma er ei snill prinsesse i sin finaste stas og lagar dei søtaste kaker, men barnet Boj ser berre på Pappa og dei store hendene hans. Så festar Boj blikket på kommoden, der hammaren ligg og så ser Boj på seg sjølv: Boj tenkjer at han ein dag vert som Pappa

Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå fyrste side sit spenninga som ein spiker, for sjølv om alle hamrar og skrutrekkarar ligg rett og roleg i rommet, finst her ei uro. Ei elektrisk utrygg uro ligg og vippar, varslar; seier alt kan tippa, tikka inn kva tid og kva tilstand som helst. Litterære og visuelle symbol vitnar om noko som er og kan koma, men hammaren, skrutrekkaren og klokka går ganske fort frå symbol til knusande realitet. Dette er ikkje kalkyle, ikkje pedagogikk, men blikk; Gro Dahle og Svein Nyhus går på innsida, har eit gjennomborande innsideblikk,innsidespråk som er farlegare enn før.

I barnebokverda vert tabutema ofte illustrerte og omtalt i meir eller mindre idylliske vendingar, der sorga eller ”problemet” gjerne får ein lukkeleg, naturidyllisk slutt, og bodskapen er oftast at det går bra: morfar er ikkje borte/berre ein annan stad/ morfar kan vera ei blåklokke/ som ringjer/fortel om det som var/. Eller noko slik.

NO NATURE HEALING
Naturen kjem rett nok barnet Boj til unnsetning, og naturen tek Boj ut or si ordlause skam, og inn i den forløysande handlinga, men same kor mykje vinden susar og seier at Boj skal skriva eit brev, seia i frå om at Pappa slår, vert dette aldri sentralidyllisk eller sukkersøtt. Tvert i mot. For med ”Sinnamann” vert eg aldri heilt trygg, kan eg aldri heilt stola på at det går heilt bra, at ikkje Pappa kjem til å sjå igjen.

Dette handlar likevel om meir enn menn som slår ein gong, og som difor kjem til å slå igjen. ”Sinnamann” syner ei større uro, fortel om barnet Boj si skuld og veletablerte angst. ”Sinnamann” syner ei mor som plastrar Pappa sine valdelege hender med silkeskjerf etter at han har banka henne helselaus, – i sonen, Boj sin nærleik. Men kven er det Kongen kjem til, og helsar så mildt på? Jo, det er valdelege Pappa. For det er far som får tilgiving, litt for lett, meiner altså eg. Sjølv om far må gå på kne framfor sonen og seia til sonen, at Boj er skuldfri, vert Boj ståande att åleine med sine valdeleg erfaringar. Boj må på ny, etter eit stort Kongebesøk tru seg til, satsa pengar i potten, – i vona om ein ikkje-valdeleg kvardag. For Pappa er det som får bu hjå Kongen, ikkje Boj.

All merksemd, og all anti-pedagoikk og -politikk ligg i den store tilgivinga som Pappa, faren til Boj får. For kven er det som får 100 % tilgiving for syndene? Det er Pappa og Sinnamann. Boj må klara seg åleine, nok ein gong må Boj gi Pappa ein ny sjans, medan prinsesse, silkekledde Mamma smiler og smiler så glad over at Kongen har lagt handa på Pappas sjuke hovud. Og som eit hokus-pokus er sjuke Sinna Mann kurert, men eg er altså den som tvilar, tvilar på at barnet, det brende baret får og trur på ein ny og ikkje-valdeleg vår.

BIBELEN SIN BOJ
Er det trøyst ein vil ha, får lesaren gå til Bibelen, eller Dahle si Jobs bok. For baklengs vert Boj Job, og Job er han som tolar alle ulukkene som Gud, Pappa utset han for. Og som Cash ville ha sagt; He is a forgiver, forgiver, som held fast ved si tru. Trua er det som gir han lukke, trua og tilgivinga, er det som gir Boj styrken til å tru at Pappa skal verta snill, på nytt koma attende som ein snillare person.

Men ettersom 70-talet er over og eg knapt var med, hadde meir pedagogikk kanskje vore på sin plass? Slik ”Sinnamann” står no, er slutten, om han er aldri så lys og full av tilgiving, – tusen gongar utruverdig. Men så må ein vel minnast Job og gamle testamentet då. Likevel vert ”Sinnamann” er ei grell vitning om eit barn sin beinharde, fullstendig einsame kvardag. Og det er vel i seg sjølv truverdig nok?