Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I klasse 8 B er det spenning på heilt andre plan som opptek dei, heilt til mystiske forsvinningar byrjar å skje. Mystiske forsvinningar med farleg nære tilknytingar.

Prinsessa:
Familien til Nina har flytta så mange gonger at ho ikkje har teljinga lenger. Så lei er ho at ho ikkje ein gong gidd bli venner med dei nye i klassen lenger. Men i denne klassen er det Lenita som bestemmer, og Nina har ingen val. Lenita har valt at Nina skal vera den kule i gjengen, og slik blir det. Først blir Nina glad over å bli akseptert som ein av gjengen, men Lenita forvirrar. Nina føler at ho ikkje har noko å seie mot Lenita, og etterkvart orkar ho ikkje lenger vera Lenitas nikkedokke.

Læraren i klassen er den strenge, men rettferdige Walle. Av elevane er han godt likt, men Lenita hatar han. Kanskje nettopp fordi han er rettferdig, eller fordi ho ikkje klarer å manipulere han men dei falske faktene sine.

Etterkvart blir Nina god venn med Markus i klassen, og han er absolutt ikkje godteken i Lenitas gjeng. Markus er kanskje ikkje den kulaste, men likevel er han utruleg fin å snakke med. Dei stiftar eit fint vennskapsforhold, som ikkje fell heilt i Lenitas smak.

Det er faren til Nina som kallar ho for “prinsessa”. Med ei mor som drikk er han Ninas klippe i livet. Og Nina er hans trøst.

Lenitas fest:
Lenita bur i ein diger villa. Ho har fest, og inviterer den kule gjengen med følgje i fødselsdagen hennar. Lenita er svært nysgjerrig på kven Nina skal ha til date, og blir lang i maska då ho skjønar at ho verkeleg har tenkt å ha med seg Markus. Men Nina bryr seg ikkje lenger om kva Lenita syntest, og Markus blir kjempeglad over å bli bedt, for han er nemleg hemmeleg forelska i Nina. Lenitas date er Jajje, den lokale rockehelten som alle jentene vil ha. Men utover kvelden byrjar Jajje å vise meir interesse for Nina enn for Lenita som ligg inne på soverommet og spyr. Jajje vil ha Nina, og Nina vil ha Jajje. I hemmelegheit møter dei kvarandre, og blir eit par. Men Nina lever i stadig frykt for å bli oppdaga av Lenita.

Mordaren:
Markus dreg frå festen åleine. Jajje har lova å bringe Nina trygt heim for Markus. Men Markus likar det slett ikkje. Han går i djupe tankar, men blir brutalt bringa tilbake til verkelegheita då han får sjå ein bil komme nedover vegen i ein fart langt over fartsgrensa.
Når bilen kjem nærmare oppdagar Markus forskrekka at det er far til Nina sin bil. Bilen rekk ikkje å stoppe, men krasjar i eit tre. Far til Nina kjem oppskaka ut, og kastar ein blodig kniv ut av bilen. Markus kan ikkje tru det han ser, og føler berre er eit mareritt.
Men når han dagen etter får høyre at ein mann er funnen drepen i skogen, nemleg den unge handtverkaren til Ninas far legg han to og to saman. Kva skal han gjera? Han er jo forelska i Nina, og ynskjer på ingen måte å lage trøbbel for ho. Derfor vel han å halde tett om det han veit, og mordaren går framleis laus.

Så skjer det enda eit mord. Og denne gongen er det ein i vennekrinsen rundt 8 B som blir drepen! Dei byrjar å forstå at mordaren er tettare på dei enn dei aner, mordaren er ein dei kjenner, men kven?….

Spenningsbok:
Prinsessen og morderen er mykje meir enn berre krim, som ein først får inntrykk av når ein les boka.
Då eg først byrja å lese boka trudde eg det var Fredrik som var hovudpersonen. Men dei fleste av sidene i boka beskriv ungdomsgjengen rundt Nina og Markus, med sterkt fokus på Ninas dramatiske sommar. Derfor er dette ei bok som treff lesarar av begge kjønn.

Du treng ikkje nødvendigvis vera spesielt glad i krim for å lese denne boka. Boka er mykje meir enn berre krim. Den er skriven med stor innlevingsevne i dei unges liv. Denne ungdomsromanen har alt ein kan ynskja seg. Her får me eit innblikk i intriger, vennskap, gleder, festar, kjærasteforhold, sinne, personlig usikkerheit, mistenksamheit og hat.
Er du glad i spenning, mange leietrådar, villspor og ein uventa slutt er verkeleg Prinsessen og morderen å anbefale. Boka er veldig underhaldande, og er vanskeleg å leggje frå seg. Innhaldet i boka har alt som skal til for at ei ungdomsroman skal bli vellykka.

Dette er absolutt ei bok eg vil anbefale!