Framtida
Publisert
Oppdatert 01.01.2018 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven:

Kule Kurt som hersar med alle i klassen.
Kødde Kurt som drit i alt som har med skule og karakterar å gjera.
Kurt som har ein far som oppfører seg som ein nyforelska 18 åring.
Kurt som har mista mora si, og gir faen i alt.

Trond har ADHD eller Altfor Dum for dette Helvetes Drittskolesyndromet.
Det kribler i beina. Han vil berre springe langt vekk frå skulen, langt vekk frå Larsen og den idiotiske stiloppgåva hans. Han vil springe til Skrea, den lange stranda i Falkenberg der Sara bur.

Katarina, eller pattarina som ho etter kvart er blitt heitandes, er det svake leddet i klassen.
Å tilbringja tida si på dassen i friminutta er blitt ein vane no.
Ho har stått der så mange ganger at stanken hennar har sete seg i veggen.
Det stankar dritt.

”R.I.P. står det på den krølla lappen som landar på pulten til Ole Magnus.
Han kjenner at årene frys til is. Rest in peace? Kvar pokker kjem denne lappen frå?”

Runa er den nye jenta i klassen. Rimeleg spes og ikkje så lite heavy, ifølgje dei andre jentene i klassen.
Alltid kledd i svart, med eit lass av svartmåling i ansiktet.
Ho prøvar ikkje å vere kul, eller ”outsider”, om det er det nokon trur.
Det er berre det at det er ingen som veit korleis ho er utan dei svarte strekane.
Då blir liksom konturane så uskarpe. Som eit stort, blankt ingenting.

Mora til Linn er grei. Supergrei. Grei mot alle. Vennleg. Ukomplisert. Open.
Linn fekk kondomar i presang då ho vart 13 år. Ho har aldri trengt å gjetta seg til kva som hender.
Beate, og dei andre venninene hennar er så misunnelege. ”Du er så heldi, Linn, som har ei slik mor”, kan dei seie.
Ja, nettopp, ei slik mor!
Mora hennar er jo heilt grøn! Går jo rundt og trur at alle er like gamle liksom.
Ein gong ho skulle ut på date med Kenneth rota ho rundt i klesskapet til Linn, og fann klede ho hadde kjøpt til Linn, men som aldri hadde vore i bruk.
Då ho var ferdig hadde ho funne ei bukse som visa halve rompestreken og ein topp som rakk ho til navlen.
– Du ser ut som ei hore mamma, sa Linn med eit oppgitt sukk.
– Livet er ein marknad jenta mi, svara ho då. Like godt å venne seg til det med ein gong.
– Herregud mamma, du er så dust!

”Eg kjende ein vag ømheit, ei prikkande fornemming. Pussig. Eg pleide då aldri å ha ømme bryster!
Dette skjer ikkje meg.
Det er sikkert ikkje noko.”
Men etter kvart går det opp for Beate at dette verkeleg er noko. Ho skulle fått mensen for 3 veker sidan.
Herregud. Ho er gravid!
Kva skal ho gjera? Abort er det einaste som står i hovudet på ho.

Cecilie og Even sit på rommet og les og et snop. Noko som slett ikkje er uvanleg.
Men så hender det. Armen til Even kjem borti Cecile sin, og det gneistrar.
Gneistrar som berre pokker!
Det er då det går opp for Cecilie at Even som sit ved sida av ho no har mørke hår på armane, og luktar mann.
Han er splitter ny! Det er pure magic.
Det er også då ho forstår at Even ikkje lenger er den plagsame ekle snørrungen ho leika med som liten, men ein dødskjekk gut som i dette augenblikket plutseleg er blitt kjærestepotensiale.

Larsen er den mislykka læraren på skulen.
Læraren som ingen høyrer på. Læraren som er som luft, og vil vere som luft.
Men ein dag bestemmer han seg. Han vil ikkje lenger vere den ubetydelege læraren.
Med bestemte skritt går han strake vegen ut av skulebygget som ein annan psyko.
Men han kjem tilbake etter ei sund. Såklart kjem Larsen tilbake igjen.
Larsen kjem alltid tilbake igjen.

Alt eg ser er sant av Marit Reiersgård Bredesen er ei svært ærleg og truverdig bok.
Ei typisk ungdomsbok som eg trur mange kjenner seg igjen i.

Her får du høyre om kvar og ein i ein klasse ein stad i Noreg, og korleis deira liv utartar seg.
Denne måten forfattaren skriv og skildrar tinga på får deg nesten til å lure på om ho er ein tenåring sjølv.

Ei skikkeleg rå bok, som eg absolutt vil anbefale til ungdom som meiner det er kjedeleg å lesa.

Einaste minus eg kan kome på med boka var at ho var for kort. Skulle gjerna lest litt meir om dei typisk crazye elevane i 9. klasse