Fekk mandel i lapskaus

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Grannar.

Ølen vidaregåande skule har hatt tradisjon for å samle elevane i Ølen kulturhus og servere julegraut med mandel.

Men i år vart skulen satt i sjakk mat(t) då dei tidlegare i veka fekk melding om at Tine var tom for graut. Dei hadde ikkje ny produksjon att før det var for seint til å levere til Ølen-elevane.

Løysinga vart mandel i lapskaus (!).

— Slik at me i alle fall fikk teken i vare den viktigaste biten av tradisjonen, humrar rektor Ruth Janett Sæle.

Ikkje noko å spare

— Er mandel i lapskaus i staden for graut eigentleg eit skjult innsparingstiltak i regi av Rogaland fylkeskommune?

— Nei, det var det ikkje. Sånn sett trur eg nok at lapskaus er noko dyrare enn graut, seier ho.

Vart funnen

Rektoren legg til at elevane har fått ete graut under ein adventsfest tidlegare i månaden, i kantina på skulen.

Og mandelen, den vart funnen. I lapskausen.

— Og han som vann var veldig glad for å få to kinobillettar, fortel Sæle.