Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TV-kanalane jaktar heile tida på nye konsept. Ein skal ikkje bla for mykje i kanallista før ein vert overraska over kva dei har klart å koka suppe på. «Fjorden Cowboys» kunne ha fort ha vorte plassert i den same gryta. To raringar frå Sørfjorden som skyt med dynamitt og er glade i damer. Ja ja, sikkert gøy det, men ikkje akkurat noko for meg.

Men suksessen kan ikkje forklarast på anna vis enn at publikum har sett noko meir. Boka om Lothepus sel i bytter og spann, og noko av grunnen er at ho er meir enn røvarhistorier og sjølvskryt. For når krutrøyken har lagt seg, handlar både boka og tv-serien om ein type folk som ein ikkje har høyrt så mykje om. Folk som ein vanlegvis ikkje ville ha invitert om bord i båten, folk ein har sett på som litt skumle, men som når det kjem til stykket, syner seg som bra folk.

Magisk realisme

Dette var heile vegen målet for serieskapar Hildegunn Wærness. For ti år sidan hadde ho sommarjobb på Jondal Gjestgjevarstad. Ho hadde studert film i Stockholm, skulle vidare til registudium i Buenos Aires og hadde mykje vener og slekt i Hardanger. Ho hadde med seg eit kamera, og i ledige stunder sprang ho rundt og filma gamle «sjøulkar og sjørøvarar». Det slo henne at det desse menneska fortalde og den kulturen dei representerte, er heilt usynleg i populærkulturen. Då ho flytte til Argentina, vart det tydelegare for henne kva desse menneska hadde hatt å seia for utviklinga hennar, kva verdi det låg i dette miljøet. Ho fekk lyst til å formidla noko.

– Eg var ikkje sikker på kva det skulle verta, om det var ein film, ein tv-serie eller ei bok. Men i Buenos Aires vart eg heile tida spurt om Noreg og norsk kultur, og eg tok meg i å reflektera over kvar eg kjem i frå og kva det er som har forma meg. I Sør-Amerika står magisk realisme sterkt, dei er stolte over kulturen sin, særstrekka og historia si. Etter kvart vart det tydelegare for meg kor viktig desse folka har vore i oppveksten min, og eg vart overtydd om at eg ville fortelja historia deira, fortel Wærness.

Vel heime i Noreg prøvde ho å få ein av tv-kanalane til å hoppa på ideen, men det var lettare sagt enn gjort. Ho var open for at det kunne verta kva som helst, om det så skulle verta ein sjølvstendig dokumentarfilm. Men ingen hoppa i taket. Tilbakemeldingane varierte frå at dette var altfor langt ute, til at det fungerte som tekst, men ikkje kunne verta noko for fjernsyn. To år skulle det ta før TV2 endeleg slo til.

Butch Cassidy og Sundance Kid

I løpet av denne prosessen forstod Wærness korleis ho skulle få dette materialet til å verta ein tv-serie.

Ho såg til Sverige og til USA for å finna inspirasjon, og løysinga var å tenkja på det som ein fiksjonsfilm.

– Det skulle verta ein slags kompisfilm, fortel Wernæss.

– Tenk Butch Cassidy og Sundance Kid, eller Tintin og Kaptein Haddock. Korleis kunne eg få Joar og Leif Einar til å passa inn i noko slikt? Så eg skreiv ein omfattande biografi på båe to, der eg la vekt på dei karaktertrekka som ville vera nyttige i ei slik forteljing, og som kunne nyttast til å laga ein dynamikk mellom dei. Og dermed hadde eg løysinga. Fjorden Cowboys er Leif Arne og Joar ut på nye eventyr, seier Wærness.

At serien skulle handla mest om desse to, handla ikkje berre kompis-sporet, men også at dei i seg sjølve var interessante karakterar.

– Det er nyttig å finna nokon som er uferdige, nokon som kan utvikla seg. Om dei er statiske, så vert det inga reise. Og sjølv om Leif Einar var kjend, så var det ikkje slik at alle tykte musikken hans var fantastisk. Så folk i fjorden var usikre på om eg skulle gjera narr av han. Men eg gjer då ikkje narr av folk eg er glad i! Men det var ein viss skepsis, ja. Men eg sa til Leif Einar at han hadde mykje fint i seg, at han ikkje treng å tulla heile tida. «Du er fin også når du er alvorleg.», sa eg. Han er ein super karakter, og det er Joar òg.

Det sårbare måtte med

Dermed kunne ho skriva manus til dei ti fyrste episodane, og laga ein plan for kva som skulle henda i dei ulike episodane. Ho snakka med Joar og Leif Arne om kva planar dei hadde frametter og kunne velja seg kvardagssyslar som det kunne vera nyttig å vera med på. I tillegg vart ho stadig tipsa om det var noko særleg som skulle skje. Noko var spontant, men det meste var planlagt.

Det var inga klår grense for kva som kunne filmast.

– Det er mykje som ikkje er med. Me var kanskje ikkje eit normalt filmteam, då det sosiale blanda seg inn i det profesjonelle. Det var ikkje slik at me gjekk heim kl. 16 for å eta middag. Eg er ikkje den som legg ned kameraet, eg tek heller avgjerdene når fimen skal klyppast. Og grensa går ved at ein ikkje framstiller folk på ein måte dei ikkje kjenner seg att i. Så då eg meinte meg ferdig, fekk anten dei sjølve sjå gjennom, eller kjærastane eller familien.

– Og då er kjenslevare trekk ved personane tekne med?

– Akkurat desse sårbare trekka snakka eg mykje med dei om på førehand. Sjølv om det kunne vera sårbart å snakka om vanskelege ting, så er det menneskeleg å syna fram desse sidene. Det kan ikkje berre vera tjo og hei og moro. Ein må også syna fram det som er sårt.

– Dette er noko som også vert trekt fram i samband med boka om Lothepus?

– Det var viktig for meg, og det er det i alle ting eg gjer. Eg har sjølv kjent på kjensla av å stå på utsida. Då eg arbeidde med Leif Einar og Joar og me var på byen i Bergen, så var det mange stader me ikkje fekk lov å koma inn. Og venene mine lurte på kven desse raringane var. Folk lo litt av dei. Så målet var å syna fram det fine med desse folka, syna fram dei fine verdiane desse folka har. Då me ville laga denne serien, stanga me lenge mot stengde dører. Det gjorde meg berre meir sikker på at eg skulle syna dei, skulle syna kva magi som ligg i denne kulturen og desse folka. No står døra på vidt gap. No er folka med glitter og spray-tan med på festen.

Dører har opna seg

– Lothepus er veldig oppteken av å definera kva ein harding er for noko, kva verdiar som høyrer heime i fjorden. Du er ikkje redd for at ikkje alle kjenner seg heime i denne definisjonen?

– Eg flytta frå Voss og rett til bibelbeltet på Stord, noko som var eit sjokk for meg. Det å reisa på ferie til slekta i Aurland eller i Hardanger var utruleg viktig for meg, det var noko i lufta som eg trong. Det er dette miljøet eg har lyst å lyfta fram og syna fram verdien av. Om nokon meiner at denne serien skapar eit feil bilete, så får dei heller laga sin eigen tv-serie, eller på ein annan måte gå ut og heva røysta si offentleg.

– Serien rullar framleis, men du har ikkje lenger regi?

– Eg levde i årevis med dette prosjektet, og det var utruleg viktig for meg å få det til. Når det no er oppe og går og har kome ut, så har eg mista mykje av drivkrafta og overskotet for å halda på med det. Eg likar å kjempa mot stengde dører, og her er dørene vidopne. Eg er ikkje like nyfiken, og det må eg vera i prosjekta mine. Så no kastar eg meg heller inn i nye miljø og andre prosjekt, og nyttar energien min der.

– Men du har vel ei snikande kjensle av suksess?

– Sjølvsagt, det er kjempemoro. Men eg har alltid hatt veldig tru på prosjektet og var sikker på at det skulle slå an. Joar visste nok at dette kom til å verta noko, medan Leif Einar nok ikkje var heilt førebudd. Eg sa tidleg at eg skulle laga han til rikskjendis, men han berre lo av det.

Saka er henta med velvilje frå Norsk Tidend.