Får ingen ny sjanse

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Støttegruppa vann ikkje fram: Yosef blir send til Afghanistan

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

Yosef Andar fekk ikkje medhald i retten. Alt måndag blir han sett på fly tilbake til Kabul i Afghanistan.

– Me trudde i det lengste, og har ingen plan B, seier Tori Snerte, ho representerer Støttegruppa for Yosef. Andar budde ei tid på mottak for einslege mindreårige i Hemsedal. Fleire har engasjert seg i saka hans i håp om at han skulle få saka si behandla på ny, og få opphald. Også den Afghanske ambassaden.

Norske myndigheiter meiner Andar er gamal nok og at Afghanistan er trygt nok til at han kan bli send heim. Støttegruppa for Yosef er ikkje samd, og har i det lengste prøvd å jobbe for opphald.

Fredag slo Oslo byfogdembete fast at det ikkje blir ny behandling. Retten konkluderte også med å ikkje feste lit til Andar si forklaring. Andar og hans støttespelarar må betale 47.500 i saksomkostningar til Staten og Utlendingsnemnda.

Etter kva Hallingdølen forstår er det ikkje fleire måtar å få prøvd saka på. Dermed blir han sett på fly tilbake til Afghanistan.