Opptekne av tekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 19:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har alle med utskrift av heimeleksa? Kurset byrja i går, i dag er siste dagen. I dag skal dei setjast på prøve, lærte dei noko av det dei høyrde i går?

Vidnes samlar inn arka med tekstar. Ingen av elevane har lyst til å lese opp sin eigen tekst, så det blir til at Vidnes les dei. Høgt.

Basarlivet i Røldal
Det handlar om paintball, elgkollisjon, basarlivet i Røldal, om vonde familierelasjonar, læring og val. Vidnes går gjennom tekst for tekst og spør: Kva element har denne teksten? Er dette truverdig? Finst det eit dramatisk midtpunkt i teksten? Fraser som metafor, open slutt og in medias res blir dregne fram.

– De får berre ikkje ta dykk nær av at eg kritiserer tekstane dykkar, seier Vidnes. – De får heller tenkje at eg berre er «han dumme forfattaren».
Klassen velsignar han med ein befriande lått.

Best med ekte vare
Eirik Nå Aga (16) og Marianne Haakonsdatter Kvestad (16) er blitt inspirerte etter å ha gått på skrivekurs.
– Det er mykje meir givande å ha ein forfattar her som les frå sine eigne bøker og lærar oss triks, enn å følgje den vanlege norskundervisninga.

Dei to reknar med at ein forfattar veit meir om skriving og litteratur enn det læraren gjer.
– Øystein Vidnes er flink til å lese tekstar, og det var veldig kjekt når han las sine eigne. Han hadde gode noveller, seier Marianne. Ho synest dei skriv for lite eigenproduserte tekstar på skulen. Ho kunne tenkje seg å skrive meir, spesielt etter dette kurset.

Dette har me lært
– Me har lært ein del om korleis me skal forbetre tekstane våre, fortel Eirik.
– Kan de nemne nokre døme på det de har lært?
– Show – don’t tell, for eksempel, seier dei og freistar å utdjupe: – Det betyr at me ikkje treng skrive ting akkurat slik dei er eller ser ut, me kan prøve å skrive rundt det slik at lesaren forstår det likevel.
Øystein Vidnes er ikkje så oppteken av sjangerlære og forbetring av karakterar. Han vil berre at elevane skal få eit forhold til tekst. – Tekst kan vere så mangt og så vidt. Eg ønskjer at dei skal bli glade i å lese og skrive og få tru på at dei kan.

Ein jeans og fire jenter
Både Eirik og Marianne les ein del. – Eg les mest aviser, seier Eirik. – Det blir meir VG, Dagbladet og Hardanger Folkeblad enn det blir romanar.
Marianne reknar seg som ein lesar, og ho likar godt å lese ungdomsromanar.
– Er det nokre du vil anbefale?
Ho dreg på det.
– Det er litt tilfeldig kva eg les, då. Ei stund las «alle» ein serie som heiter «Ein jeans og fire jenter». Så blei det no til at eg las han, og.