Lyst til å lese?

Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 19:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arne Svingen reiser mykje rundt på forfattarbesøk på skular, og har såleis hausta ein del erfaringar om både det å gjeste ein skuleklasse og det å dele litterære gleder med barn.

– Eg opplever ikkje at det er noko uttalt lesevegring i barnetrinnet, seier han. – Men når me kjem opp i 7. klasse, så skjer det noko, og det kan verke som at ungdomsskuleelevar ikkje synest det er spesielt kult å lese.

I alle fall er det det elevane seier, men Svingen er ikkje sikker på om dei snakkar sant. – Kanskje det ikkje er u-kult å vere ein lesar, kanskje det berre er u-kult å seie at ein er ein lesar.

Snytt for opplevingar
Knut Nærum er oppteken av at barn og unge har fått eit fordreid syn på litteraturen. – For norske 17 åringar trur eg ein roman framstår som ein lang, lang rebus. Ungdommen trur det er ein fasit til boka og at dei må finne alle dei rette svara.

Nærum meiner skulen er for opphengt i analyse og verkemiddel, og at ein med det utgangspunktet snyt dei for det han kalla gode lesarkick.

Boka, ikkje forfattaren
Men ikkje berre skulen fekk passet sitt påskrive. Ifølgje Nærum har også kulturjournalistane mykje av skulda for at samfunnet får eit vrangt bilde av kva litteratur handlar om. Påstanden han var følgjande: Når ein forfattar som Kjartan Fløgstad skriv om industrisamfunnet Sauda, så blir han intervjua om industrisamfunna si rolle i historia, eller om noko personleg. Han blir berre unntaksvis intervjua om romanen. – Boka er blitt eit biprodukt av forfattaren. Det er ein praksis som må ta slutt, seier Nærum bestemt.

Gutar les ikkje
Eit spørsmål frå salen gjekk på dette med korleis ein skal få gutane til å bli glade i å lese. Arne Svingen meinte ein av grunnane til at unge gutar ikkje les, kan vere at dei manglar lettleste bøker med eit spennande innhald som dei kunne ha interesse av. Nærum på si side var ikkje så sikker på om det eigentleg mangla bøker der ute, men kanskje at det heller mangla gode førebilete for dei unge gutane. – Men er det eigentleg så viktig at gutar ikkje les, utfordra Nærum. – Det er vel mest trist på deira eigne vegner.