Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Freedom’s just another word for nothing left to lose», heiter det i ein kjent song frå den gongen bestemor var ung. Eg tvilar på om dette er sant, men det som derimot heilt sikkert er sant er at fridom innebér retten til å velje, og alle som nokon gong har måtta føreta eit val, veit at det kan vere vanskeleg. Til eksempel kan nemnast at eg, som skribent hjå Magasinett, har svært stor fridom til å velje kva desse synsingane skal handle om, og dette kan by på utfordringar: kva veljer ein, når ein kan velje kva ein vil?

No. Som skribent må ein ha lesarane sine i tankane, heile tida. Rett nok finst det mange som påstår at dei «skriv kun for sin eigen del» – men slike sjølvforelska sjarlatanar skal ein ikkje lytte til. Å skrive er å freiste å fortelje noko til nokon. Det kan difor vere lurt å velje eit emne ein trur dei ein skriv for vil finne interessant. Viss ein finn fram til et som opptek målgruppa meir enn noko anna, er ein garantert suksess. Magasinett er ein norsk nettstad for ungdom, difor handlar denne teksten om det som opptek norsk ungdom mest av alt, nemleg interne politiske forhold i Den Norske Kyrkja. (Nei, ver så snill, ikkje gå.)

Den Norske Kyrkja er ein merkverdig institusjon. På den eine sida er Kyrkja (iallfall tilsynelatande) ekstremt populær, Medlemstalet har rett nok gått noko ned i det siste, men likevel: meir enn tre av fire nordmenn er medlemmar i Kyrkja. På den andre sida har Kyrkja fortvilande tungt for å nå ut til folket – dei har, kort sagt, eit image-problem. Særleg gjeld dette eitt særskilt punkt: dei homofile (og dei lesbiske og transpersonane og så bortetter, eg nyttar samleomgrepet «homofile» her for å gjere det enkelt og oversikteleg for både lesarane og meg sjølv). Dei homofile er eit problem for Den Norske Kyrkja, og såleis er kyrkja i ferd med å verte eit problem for dei av oss som, ulikt Kyrkja, ikkje har noko problem med at somme menneske tilfeldigvis er homofile. Det skal understrekast at denne bisarre homo-angsten ser ut til å vere eit nær sagt universelt problem som råkar alle kyrkjesamfunn overalt i verda, og at mange av dei har behandla og behandlar homofile mykje verre enn kva Den Norske Kyrkja har gjort og gjer. Homofile prestar, klokkarar, kyrkjetenarar og organistar finst i Kyrkja i dag. Likevel vågar ein ikkje å ta det avgjerande steget, det som ville gjere det klinkande klårt for alle at dei ansvarlege leiarane i Kyrkja no omsider har skjøna at ein homse er… vel, ein heilt vanleg person, og ikkje (slik ein av og til kan mistenkje at somme konservative kristne mistenkjer) ei ond nazi-øgle frå det ytre rom, som har kome for å utslette menneskeslekta. På Kyrkjemøtet nyleg vart det avgjort at homofile framleis ikkje får lov til å gifte seg i Kyrkja, for viss dei fekk lov til det, ville noko HEILT UTRULEG FORFERDELEG heilt sikkert kome til å hende. Kva dette heilt utruleg forferdelege skulle bestå i, vert sjeldan spesifisert, men viss eg har forstått det rett, har det eitt eller anna å gjere med at Gud ville kome til å verte svært lei seg, nekte å ete middagsmaten sin og, i aller verste fall, vende ryggen til menneska og overlate oss til den lett mentalt ustabile Satan, Mørkets Fyrste, og dei nedrige små demonane som følgjer han overalt. (Og dét lét jo ikkje særleg kjekt, gjer det vel?)

Det skal seiast at det var ei jamn avstemning, noko som bevisar utan skugge av tvil at det finst mange fornuftige tillitsvalde i Kyrkja, men dette gjer berre heile greia endå meir forvirrande, iallfall for meg. No er det jo slik at religiøse samfunn baserer si lære ikkje berre på sunn fornuft, men óg på det som står i dei Heilage Skriftene, i Kyrkja sitt tilfelle: Bibelen. I Bibelen står det mykje rart – til dømes at kvinner skal teie i forsamlingar, eit idiotisk og dessutan heilt urealistisk forbód som (naturlegvis) i si tid vart nytta til å nekte kvinner å gjere presteteneste – og det lét diverre til at ein del kristne har hengt seg opp i ein tankelaus slengbemerkning frå apostelen Paulus om at menn ikkje skal «drive hor» med kvarandre. Dette tolkar dei som at ekteskap mellom menneske av same kjønn er i strid med Guds vilje, trass i at ekteskap i bibelsk forstand er det nøyaktig motsette av «hor». Det skal ikkje vere lett. Det kan verke som om konservative kristne ikkje evnar å ta inn over seg det openberre faktum at Paulus kan ha hatt ei mengd meir eller mindre gode grunnar til å meine dette – kanskje var han berre misunneleg? – og at det uansett er totalt urimeleg å bruke ei innskoten leddsetning frå eit to tusen år gamalt brev til å plage menneske i dag. Som kjent er det eit sentralt poeng i den kristne læra at Gud sende son sin, Frelsaren, til menneska fordi han/ho elska dei (oss) så høgt og følgjeleg ikkje ville at dei (vi) skulle gå fortapt – såleis er det svært merkeleg at somme kristne brukar dei homofile som prylegutar for å demonstrere det heilt ukristelege synspunktet at Gud eigentleg er jævlig kjip. Det er eit velkjent faktum mellom alle som kjenner meg at eg har utruleg tungt for det, men eg skjønar altså heilt enkelt ikkje poenget med slik åtferd. Eg beklagar.

Mottoet for Kyrkjemøtet 2014 var «Fri til å tale, tru og tene». Etter Kyrkjemøtet må ein konkludere med at dette var ei forkorting for: «Fri til å tale, tru og tene, men ikkje til å gifte deg med den du elskar, viss du og og den du elskar tilfeldigvs skulle vere homsar eller lesber». Eg synst dette er svært beklageleg, men veit ikkje kva eg kan gjere med det. Rett nok kan det sjå ut til at det har vore betydeleg framgong: då eg for om lag tjue år sidan var aktiv i kristeleg ungdomsarbeid, trefte ein rett som det var farisearar som måtte fram med luktesaltet kvar gong ordet «homofili» vart nemnt, og idéen om at homofilt ekteskap nokon gong skulle kunne verte likestilt med det «tradisjonelle» ekteskapet lét seg knapt nok tenkje. No var det altså kun eit knapt fleirtal som hindra dei homofile i å få dei rettane dei opplagt burde ha. Kanskje finst det von om at fornuften skal sigre ein gong i framtida? Spørsmålet er dog: kva gjer ein i mellomtida? Viss sakleg argumentasjon ikkje funkar, er det kanskje på tide med litt sjokkterapi? For min eigen del er eg heterofil, men likevel kjenner eg meg freista til å gå til påskegudsteneste og råkline med ein person av mitt eige kjønn under nattverden, berre fordi eg kan. Kjenner eg meg rett, vil eg diverre ikkje våge noko slikt, men eg vil ikkje desto mindre oppmode alle andre til å gjere det, og med denne oppmodinga i fridomens namn ynskjar eg alle ein fredsæl og nestekjærleg påske.