Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 19:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange vaksne lurar på kva for ein nøkkel ein må nytte for å få opna porten inn til bokverda for så mange barn som muleg. Knut Nærum tok utfordringa og hadde heilt konkrete forslag å kome med:

Nærum var oppteken av at ikkje lista for lesing skulle leggjast skyhøgt, men at ein, heller enn å få gode lesarar, skulle vere meir bevisst å få mange lesarar i klassen sin.
– Ha som målsetjing at alle skal få utvikle seg, og spel på dei unge si naturlege begeistring for ting dei opplever og erfarer, var mellom dei konkrete råda Nærum gav.

Her er seks tips frå Knut Nærum til korleis ein kan auke leselysta hjå unge:

1. Dei nye norskbøkene til skulen er gode. Bruk dei godt.
2. Elevane skriv mykje kvar dag, til dømes i SMS og e-post. Dra nytte av det og bruk det.
3. Fleire forfattarbesøk i skulen.
4. Folk bør lese bøker på same måte som dei lyttar til musikk.
5. Forfattarar må få eksponere bøkene sine, ikkje det emnet dei skriv om.
6. Dropp analysen iblant.