Lag nye språk

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 18:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg lagar meg eit nytt språk
og skriv eit dikt

Marama higo famas
sepungo dilma fei,
lakama resolamas
e girgo savakei.

Le pumo idan sovi
gerigo salvadon?
Ritale sibur dovi
kapunga dilma gon.

Ragnar Hovland, henta frå boka Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (1996)

– Å skrive dikt er å setje tankane fri – og å samle dei igjen.

Per Olav Kaldestad var ein av forfattarane som var invitert til Volda for å vera med å blåse liv i norskfaget, og han sa at born har stor språkskapande evne, og at denne evna kan stimulerast og utviklast i møtet med det gode diktet – eller rettare: med heile spekteret av gode dikt.

Han rår lærarane til å ta med sine eigne favorittar inn i klasserommet. På den måten vert det kjekkare å undervise, du vert meir engasjert og motivasjonen vil spreie seg.

Heilt sidan Inger Hagerup i 1950 gav ut si fyrste diktbok for born, har me hatt ein sterk poesi her til lands som talar rett ut og rett fram til barnet, seier Kaldestad.

– Særleg dei siste 30 åra har det komme ei rekkje gode diktarar inn i dette feltet, og dei fleste av dei skriv nynorsk:  Einar Økland, Arnljot Eggen, Hans Sande, Oskar Stein Bjørlykke, Marit Tusvik, Ragnar Hovland, Eva Jensen, Helge Torvund, Arnt Birkedal, Finn Øglænd og Mary Bente Bringslid, for å nemne nokre av dei viktigaste.

 

Fakta

Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.