Fascinerande møte med bøker

Maria Parr takkar norsklærarane sine for nødvendig skriveopplæring, men har ei kjensle av at det er dårlege kår for fantasi og skaparglede i den vidaregåande skulen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 14.11.2017 18:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor det er slik er ikkje så lett å svare på, men rammene i skulen, norskfaget med gramatikkreglar, sjangrar, struktur og ikkje minst kravet om å skulle prestere legg ein dempar på den elleville skrivegleda.

Noas sjark
Å skrive handlar om å vera kreativ og å skape. Maria Parr har alltid vore glad i å skrive, og seier at ho kjenner det som om det å skrive bøker ikkje har noko med norskfaget å gjere. I faget norsk skreiv ho essay om vatn eller fakta om ballbingen, men det å skrive ei bok var noko heilt anna.

– Den siste gongen eg verkeleg våga å kaste meg ut i fantasiens verden var då eg gjekk i 9. klasse og skreiv det som seinare vart eit kapittel i boka Vaffelhjarte.

Boka er full av  sprudlande og morosame historier om Lena og Trille og om kor mykje styr det kan bli av påfunna deira, som til dømes den gongen Lena var overbevist om at det var ein skrivefeil i Bibelen som var opphavet til namnet «Noas Ark».  Det skulle sjølvsagt vore «Noas sjark».
Fryktlaus fantasi
Maria Parr har reist rundt i regi av Den kulturelle skulesekken og har møtt mange ungar rundt om i landet.

–Eg hadde eit litt skummelt bilde av grunnskuleeleven, seier ho:
– Trudde kanskje dei kravde multimedieshow for å la seg begeistre.

Det viste seg at ho tok feil. Ungane set framleis stor pris på at nokon les for dei.

– Det er fascinerande å sjå møtet mellom ungar og bøker, seier Parr. Det som slår ho er at dei har eit fryktlaust forhold til fantasi.
– Dei berre sprutar ut med dei galnaste historier, fortel ho og let spørsmålet om korleis ein kan dra dette inn i klasseromma også i den vidare skulegangen stå ope.

 

Fakta

Konferansen «Rom for lesing og skriving på nynorsk» vart halden i Volda våren 2007. Professor Frøydis Hertzberg og forfattarane Erna Osland, Maria Parr og Per Olav Kaldestad snakka om kor bra det er å lese, om å vera med i forfattarklubben, om strenge norsklærarar, fryktlaus fantasi og om god nynorsk litteratur.